Jorda rundt på 24 bensintankar

Tysdag denne veka braut dei målstreken i London og sette ny verdsrekord i lågt bensinforbruk, det engelske ekteparet Helen og John Taylor.

(Ill. foto: columbia.edu)(Ill. foto: columbia.edu)

(NPK): Etter å ha køyrt bil i 29.000 kilometer gjennom 25 land i 78 strevsame dagar, vart bensinforbruket målt til 0,45 liter på mila.

Den nye verdsrekorden er sett med ein heilt vanleg VW Golf FSI 1.6, og det var eit av dei store oljeselskapa som stod bak den lange bilturen.

Taylor-ekteparet starta køyreturen jorda rundt frå London 17. januar og har fylt tanken 24 gonger med 1.303 liter 95 oktan bensin. Turen gjekk gjennom 25 land i Europa og Asia, Australia og Amerika i non-stop rekordkøyring nesten døgnet rundt.

Turen har gått gjennom fjell og ørken, storbyar og øydemark og i temperaturar frå minus 15 grader i Makedonia til pluss 46 grader i Australia. Vêr og føre har skifta frå storm og skybrot til snø og syklonar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus