Færre nordmenn på reisefot

Artikkelen fortsetter under annonsen

Færre nordmenn var på reise i fjerde kvartal i fjor enn same perioden i 2004. Samstundes vart det fleire turar på dei som reiste.

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: reise-weisheit.de)(Foto: reise-weisheit.de)

(NPK): Rundt 1,9 millionar nordmenn - det vil seie om lag 55 prosent av alle i alderen 16-79 - var på overnattingstur med minst ei overnatting i fjerde kvartal. Det er tre prosent færre enn i same perioden i 2004, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Om lag 68 prosent av dei totalt 4,2 millionar reisene som vart gjennomført i fjerde kvartal, var feriereiser. Likevel auka talet på yrkesreiser med 46 prosent. Ettersom delen yrkesreiser vart større, gjekk også talet på overnattingar totalt ned med åtte prosent.

Om lag 1,1 millionar av reisene gjekk til utlandet, og vel ein femtedel av desse reisene gjekk til Danmark. Elles gjekk ein stor del av utanlandsturane til Sverige, Storbritannia, Tyskland og Spania i fjerde kvartal. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving