Gondolbane 2.222 meter over havet

Galdhøpiggen Sommerskisenter vil byggje gondolbane frå skisenteret til fjelltoppen Galdhøe 2.222 meter over havet.

(Illustrasjonsfoto: skipressworld.com)(Illustrasjonsfoto: skipressworld.com)

(NPK): Kapasiteten vil bli på rundt 1.500 personar i timen.
Bana vert 1.500 meter lang og får ei fallhøgd på 400 meter, skriv avisa Gudbrandsdølen Dagningen.

Det er snakk om ei spesiell gondolbane. Det austerriske firmaet Doppelmeyer står for prosjekteringa. Gondolbana vil få to vogner, der den eine går opp når den andre går nedover. Desse vognene vil ha plass til meir enn 50 personar.

Planane om gondolbane er ikkje i tråd med gjeldande reguleringsplan for området, men eigaren av Galdhøpiggen Sommarskisenter, Per Vole, har von om byggjestart i 2007. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy