Flyttar hytta til utlandet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordmenn er eit hytteelskande folkeslag. No har hytta i fjellheimen eller i skjergarden derimot fått konkurranse.

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: kvitaavatn.dk)(Foto: kvitaavatn.dk)

(NPK): Det er ein klar tendens at fleire og fleire får feriestad utanfor Noregs grenser.

Mellom 7.000 og 8.000 nordmenn kjøper eigedom i utlandet kvart år, dei fleste i Middelhavslanda. Det vert selt om lag like mange hytter i Noreg i løpet av eitt år, viser tal frå Prognosesenteret.

- Flyselskap med lågpristilbod og direktefly til populære område har gjort ferieparadis i utlandet meir tilgjengeleg. Mange brukar like lang reisetid på å reise til fjells som til populære stader ved Middelhavet, uttalar statsautorisert eigedomsmeklar Agnar D. Carlsen i Norsk Megling AS i ei pressemelding.

Framleis er Spania mest populær, medan interessa for Frankrike og Italia aukar. Portugal og Malte er på veg inn i marknaden. Hellas vert stadig meir populært, og den nye marknaden i Tyrkia vil truleg ta seg opp viss det tyrkiske parlamentet vedtek den nye lova som gir utlendingar høve til å kjøpe eigedom og få skøyte i Tyrkia.

Blant fjerne bustadområde er Sør-Afrika, Thailand og Brasil dei mest populære.

- Prisane varierar mykje, avhengig av område og kor populært staden er. Tyrkia har truleg dei rimlegaste kvadratmeterprisane i Europa. Dei fleste som kjøper eigedom i utlandet og som brukar dette som «landstad», leiger ofte ut i kortare eller lengre periodar.

- Barnefamiliar brukar eigedommane stort sett om sommaren og i skuleferiar, pensjonistar reiser heile året. Kjøpargruppa vert også yngre og yngre, men framleis er hovudtyngda av kundane som kjøper eigedom gjennom oss frå 40-60 år, seier Agnar D. Carlsen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving