Bergensbanen den flottaste i verda

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kjent amerikansk reiselivsekspert meiner Bergensbanen er verdas flottaste jernbanestrekning.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Arne S. Haugen, Nynorsk Pressekontor


Frå Hønefoss stasjon på Bergensbanen. Den framtidige Ringeriksbanen skal gå mellom Hønefoss og Oslo. (Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket)Frå Hønefoss stasjon på Bergensbanen. Den framtidige Ringeriksbanen skal gå mellom Hønefoss og Oslo. (Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket)

Det er den kjende reiselivsguruen Gary Warner i California som har rangert Bergensbanen på topp.


I storavisa Chicago Tribune presenterer Warner dei ti flottaste togrutene i verda, melder TV2 Nettavisen. Han har teke for seg fart, teknologi, naturoppleving og komfort og altså kåret Bergensbanen til vinnar.


- Ikkje verst reklame dette?
- Det er sjølvsagt hyggeleg å få slik type merksemd i utlandet, seier seksjonssjef Njål Svingheim i Jernbaneverket.


- Det er vel gjerne slik at det du har rett utanfor stovedøra er det lett å sjå som ei selvfølge. Det må ofte utanlandske auge til for å gjere oss medvitne om det vi har her i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Svingheim fortel at Bergensbanen etter omfattande opprustingsarbeid har hatt jamn og god trafikk dei siste åra, og at særleg godstransporten har hatt god utvikling. Trailerlast går i aukande grad med jernbane mellom Oslo/Drammen og Bergen.


Ringeriksbanen


Motiv frå Grøndalen på Bergensbanen. (Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket)Motiv frå Grøndalen på Bergensbanen. (Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket)

Opprustinga av Bergensbanen har dobbeltspor mellom Arna og Bergen som første prosjekt på programmet no. Men det som vil få størst betydning for banestrekninga er den framtidige realiseringa av Ringeriksbanen, frå Oslo til Hønefoss. Det ligg inne budsjettmidlar til oppstart av baneanlegget i løpet av komande 10-årsperiode, men det er usikkert når banen kan stå ferdig.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Ringeriksbanen vil redusere reisetida mellom Oslo og Bergen med over 50 minuttar, fortel Njål Svingheim. - Det er ingen andre tiltak som vil ha så store positive konsekvensar for denne jernbanestrekninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Ikkje minst næringsliv og reiseliv i Krødsherad og Hallingdal ville nyte godt av dette. Plutseleg er Gol berre halvannan times togtur frå hovudstaden. Men dette ligg fram i tid. I mellomtida får vi kose oss over å vera den flottaste banen i verda, smiler Svingheim.


Verdas 10 på topp


Toget rullar inn til Ustaoset stasjon ein strålande vinterdag. (Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket)Toget rullar inn til Ustaoset stasjon ein strålande vinterdag. (Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket)

Her er reiselivsguru Gary Warners liste over verdas flottaste jernbaneruter:


1. Bergensbanen (Oslo-Bergen) Den norske togruta er den høgastliggjande jernbanestrekninga mellom to byar i Europa. Storslått scenisk avstikkar frå Myrdal til Flåm.
2. Indian-Pacific (Sydney - Perth)
3. Wien-Venezia
4. Eurostar (London - Paris)
5. Nozomi 500 (Kyoto - Fukuoka)
6. Pacific Starlight (Los Angeles - Seattle)
7. Southwest Chief (Los Angeles - Chicago)
8. Sunset Limited (Los Angeles - Orlando)
9. Rovos Rail (Tvers gjennom det sørlege Afrika)
10. Den transsibirske jernbanen (Beijing - Moskva) (NPK)