Nordmenn på reisetoppen

Nordmenn reiser oftare på charterreiser til utlandet enn andre skandinavar.

Det viser ei nettundersøking som Star Tour har gjort blant 10.987 nordmenn, svenskar, danskar og finnar.

Undersøkinga viser at dobbelt så mange nordmenn som svansar har reist tre eller fire gonger til utlandet på ferie dei siste tolv månadene. Samstundes viser tal frå Avinor at 1,2 millionar nordmenn reiste med fly til utlandet i juli, ein auke på 10,2 prosent for rutefly og 4,6 prosent for charter.

- Eg er ikkje overraska. Alle undersøkingar og all røynsle viser at nordmenn prioriterer ferie og fritid når vi får betre råd, seier dagleg leiar Jørn Kristiansen i Star Tour.

Nordmenn er også meir impulsive til å bestemme seg for ei reise enn svenskar og danskar. 35 prosent av nordmennene i undersøkinga bestiller turen frå null til åtte veker før avreise, mot til dømes 30 prosent av danskane. Når sommaren er over har vel 600.000 nordmenn vore på ei charterreise. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy