Kvinner kan mindre om økonomi

Unge kvinner dårlegast ut i ei ny undersøking av finansiell kompetanse. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Unge kvinner dårlegast ut i ei ny undersøking av finansiell kompetanse. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner under 30 kjem aller dårlegast ut i ny undersøking. Forskar Ellen K. Nyhus forstår ikkje kvifor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ein ganske tydeleg kjønnsforskjell i den norske befolkninga. Kvinner fell frå på dei litt meir kompliserte spørsmåla om risiko, inflasjon, og renters rente.

Det seier seniorforskar Ellen K. Nyhus ved Agderforskning, som har delteke i arbeidet med ein ny rapport om finansiell kunnskap i Noreg.

Test deg sjølv: Kva kan du om økonomi?

Internasjonalt samarbeid

På seminaret «Ta del – ikke dvel!» tysdag presenterte AksjeNorge ei fersk landsdekkjande undersøking, i samarbeid med Finans Norge, Agderforskning og Finansforbundet.

I alt 1031 nordmenn har via eit webpanel svart på spørsmål om sin livssituasjon og privatøkonomi, i tillegg til åtte spørsmål som tek for seg mellom anna talforståing, reknekunnskapar og finansielle omgrep.

Les også: F ire av ti unge sparar ikkje

Rapporten, som er utarbeidd av TNS Gallup, er ein del av eit større OECD-samarbeid, som tek sikte på å kartleggja og samanlikna kunnskapen mellom land.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Spørsmåla er stilt på norsk, noko som kan føra til at ein ikkje får dekt meir sårbare grupper i samfunnet.

Kvinnespørsmålet

Undersøkinga reflekterer at nordmenn er vandt med god og romsleg økonomi. Berre éin av tre nordmenn svarar at dei set opp budsjett, noko som plasserer oss på botnen blant alle dei 24 landa som har delteke i undersøkinga.

Les også: Kvinner tjener fortsatt mindre enn menn

Nordmenn skårar generelt høgt på testen og dei fleste klarar sju av åtte rette, likevel er det nokre tydelege forskjellar i befolkninga:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
  • ► Unge kan mindre enn eldre
  • ► Kvinner, i alle aldrar, kan mindre enn menn
  • ► Dei med lågare utdanning kan mindre enn dei med høgare utdanning
  • ► Og dei med lågare inntekt kan mindre enn dei med høgare inntekt

Professor Nyhus, som er ein av Noregs fremste ekspertar på finansiell åtferd, er overraska over at kvinner – og spesielt unge kvinner – kjem såpass dårleg ut, trass i at denne gruppa er overrepresentert ved universitet og høgskular.

Ho har difor sett nærare på kva som skil dei kvinnene som får flest rette frå dei som får færrast rette.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I snitt får kvinner under 30 år 4,9 rette, medan menn i same aldersgruppe får 6,3 på åtte spørsmål.

Kvinner som ikkje er gift eller sambuarar kjem noko dårlegare ut i testen, enn dei som lever saman med ein partner.

Les også: Nordmenn undervurderer risikoen i bustadmarknaden

Kunnskapsauke

Dei som fortel at dei har ein økonomisk buffer og kan klare seg i ein lengre periode om dei mistar inntekta, har òg betre økonomisk forståing.

– Kunnskap og økonomisk sårbarheit heng saman. Det er ein av grunnane til at me bør heva kunnskapsnivået, seier Nyhus, som understrekar at det trengs meir forsking, då ein ikkje veit kva som er årsak og konsekvens.

Nyhus stiller spørsmål ved om nordmenn har god nok kunnskap til å klara seg i dagens finansmarknad, som vert prega av større individuell fridom, men òg meir ansvar.

Les også: I disse yrkene taper kvinner mest lønnsmessig

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kritiske ungdommar

Administrerande direktør i Finans Norge, Idar Kreutzer, er ikkje i tvil om at personleg økonomi må få ein større plass i pensum.

– Med digitaliseringa er mange tilbod berre eit klikk unna. Dei unge får stadig fleire ting å ta stilling til, difor er det viktig at dei får kompetansen til å verte kritiske forbrukarar, seier Kreutzer, som etterlyser tydlegare kunnskapsmål og betre undervisningsmateriell.

Les også: TISA på 1-2-3-4