Unge Høgre-topp ut mot lakseboikott – meiner det er å vise fingeren til Kyst-Noreg

Sondre Torvanger Hillestad, fylkesleiar Hordaland Unge Høgre.
Sondre Torvanger Hillestad, fylkesleiar Hordaland Unge Høgre. Foto: Pressebilete

Leiaren i Hordaland Unge Høgre meiner boikott av oppdrettslaks er å gni salt i såret til ei næring som slit.

– Dei viser rett og slett fingeren til dei som faktisk skapar verdiar i dette landet.

Det uttalar fylkesleiaren i Hordaland Unge Høgre, Sondre Torvanger Hillestad, i ei pressemelding.

Førre veke gjekk Natur og Ungdom ut med ei oppmoding om å boikotte oppdrettslaks.

– Medan hundrevis av arbeidsplassar heng i ein tynn tråd, vel Natur og Ungdom å gni salt i såret, seier Hillestad.

– Stor usikkerheit i næringa

Han viser til at regjeringa har føreslått i innføre grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa. Grunnrenteskatt er ein type skatt som verksemder som brukar naturleg tilgjengelege ressursar må betale. Det er nytt at skatten blir brukt på oppdrettsnæringa.

I etterkant har laksegiganten Lerøy sendt permitteringsvarsel til over tre hundre tilsette , og viser til nettopp lakseskatten til regjeringa som årsak. Også Romsdal Processing vil permittere tilsette. Salmar varsla måndag at dei vil permittere 851 tilsette.

Trass permitteringar held finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fast ved grunnrenteskatten.

Hillestad i Unge Høgre meiner lakseboikott er det siste Kyst-Noreg treng no.

– Etter regjeringas hårreisande forslag om grunnrenteskatt er det allereie stor usikkerheit i næringa.

Vil ha berekraftig alternativ

Natur og Ungdom har tatt til orde for boikott av oppdrettslaks fram til forbrukarane har eit berekraftig alternativ i norske butikkar. Dei meiner næringa ikkje kan vekse før aktørane har fått bukt med miljøutfordringane sine.

– Kravet vårt er at næringa blir pålagd å flytte 50 prosent av produksjonen sin inn i lukka anlegg innan 2025, seier Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver i ei pressemelding.

Gina Gylver er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Isabelle D. F. Poole
Gina Gylver er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Isabelle D. F. Poole

Grøn Ungdom og Sosialistisk Ungdom har slutta seg til oppropet, medan AUF først signerte, men seinare trekte underskrifta si. Grunnen er at AUF ikkje har politikk på boikott av oppdrettslaks, men dei støttar kravet om fleire lukka merdar.

Les også: Equinor utset avgjerda om utbygging av Wisting-feltet

Dårleg politisk verktøy

Unge Høgre-politikaren meiner boikott er eit dårleg verktøy for politisk gjennomslag.

– Dersom ein ønskjer meir landbasert produksjon, bør ein jobbe for betre rammevilkår for den type verksemd, ikkje halde næringa gissel.

– Eg lurar verkeleg på kva Natur og Ungdom og venstresida tenker at Noreg skal leve av i framtida. Dei skal leggje ned oljenæringa, dei vil ikkje byggje vind- eller vasskraft, og no oppmodar dei til boikott av ei av Noregs viktigaste næringar, held han fram.

Natur og Ungdom: – Viljen manglar

Gina Gylver i Natur og Ungdom meiner at Unge Høgre bør stille seg bak krava i boikotten dersom dei vil sikre verdiskaping langs kysten.

Ho peikar på at l akseoppdrett kan bli ei framtidsretta næring, og poengterer at dei ønskjer havbruk langs kysten også i framtida, men då må det skje på naturens premiss.

– Per i dag er det ingenting berekraftig ved fiskeoppdrett. Fisken rømmer, sjukdommane florerer, lakselusa er ute av kontroll og fjordane blir forureina. Heldigvis finst det løysingar, som lukka anlegg, svarar ho på kritikken frå Hillestad og legg til:

– Løysningane eksisterer, men viljen manglar.