Ungdomsorganisasjonane til den nye regjeringa: – Stopp skatteflukta

Changemaker og Kirkens Nødhjelp har fått med seg 30 organisasjonar bak reformkravet til den nye regjeringa. Foto: Changemaker
Changemaker og Kirkens Nødhjelp har fått med seg 30 organisasjonar bak reformkravet til den nye regjeringa. Foto: Changemaker
Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag overleverte ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar eit opprop til partia som truleg dannar regjering.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Internasjonalt går opptil 600 milliardar dollar tapt til skatteparadis – kvart einaste år. No vil ei rekkje ungdomsparti og organisasjonar tette smotthola.

– Vi har eit utdatert skattesystem i verda, kor ein ikkje får skatteinntekter der verdiane vert skapte, seier Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker, på telefon til Framtida.no.

Ho peikar på at dagens selskap er organiserte og drivne på andre vis enn då skattesystemet vart danna, noko som fører til at systemet ikkje klarar krevje inn skattepengar.

Saman med Kirkens Nødhjelp har ungdomsorganisasjonen teke initiativ til eit opprop for ein internasjonal skattekonvensjon i Aksjon skattekonvensjon.

Til no har over 30 sivilsamfunnsorganisasjonar stilt seg bak kravet.

Onsdag ettermiddag vart oppropet overlevert til representantar frå partia som truleg dannar regjering, Espen Barth Eide (Ap), Andreas Sjalg Unneland (SV) og Senterungdom-leiar Torleik Svelle.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Enorme summar

Naja Møretrø peikar på at pengane som forsvinn til skatteparadis kunne bidrege til å løyse utfordringar verdssamfunnet står overfor.

– Dei aller fleste land har forplikta seg til berekraftsmåla og til Parisavtalen, og det vert dyrt å gjennomføre. Då må vi hente pengane frå ein plass, og det er snakk om enorme summar i skatteflukt, seier Møretrø.

Organisasjonen Tax Justice Network Norge, som òg har skrive under oppropet, peikar på at 10 prosent av verdas bruttonasjonalprodukt er i skatteparadis.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Styresmakter tapar fleire hundretals milliardar dollar kvart år, fordi privatpersonar og selskap unngår skatt . Éin enkelt kontorbygning på Caymanøyane husar 18.000 registrerte selskap.

Ifølgje FN vil gjenvunnen skatt i Bangladesh late landet utvide det sosiale sikkerheitsnettet til å omfatte ytterlegare ni millionar eldre, i Chad betale for 38.000 klasserom og i Tyskland bygge 8.000 vindturbinar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Changemaker-leiar Møretrø meiner Noreg og den nye regjeringa lyt ta initiativ til ein internasjonal skattekonvensjon i FN no, medan saka har momentum.

FN-panel: – Ranar dei fattige

I februar la FN-panelet FACTI (Financial Accountability, Transparency & Integrity) fram ein rapport, der dei ba om strengare lover, sanksjonar og sterkare institusjonar for å hindre korrupsjon og kvitvasking av pengar. Samstundes etterspurde panelet ein internasjonal minimumsskatt for selskap.

– Eit korrupt og mislukka økonomisk system ranar dei fattige og fråtek heile verda ressursane som trengst for å utrydde fattigdom, atterreisinga etter Covid og handtere klimakrisa, sa FACTI-leiar Dalia Grybauskaitė, som tidlegare var president i Litauen, i ei pressemelding.

Dalia Grybauskaitė var president i Litauen frå 2009 til 2019, og leiar FACTI-panelet saman med Ibrahim Assane Mayaki. Foto: FACTI Foto: FACTI
Dalia Grybauskaitė var president i Litauen frå 2009 til 2019, og leiar FACTI-panelet saman med Ibrahim Assane Mayaki. Foto: FACTI Foto: FACTI

FN-panelet peika på at styresmakter kan finansiere tiltaka som trengst for å møte alle desse utfordringane om dei hentar att dei milliardane av kroner som går tapt til skatteunndraging, korrupsjon og kvitvasking.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I juli vart 130 OECD-land samde om ei global skattereform, for å sikre at multinasjonale selskap som Google, Amazon, Facebook og Apple betalar ein meir rettferdig skatt. Reforma skal sikre ei meir rettferdig fordeling av overskot og skatterettar blant land, samt skattlegge store globale selskap med ein minimumssats på 15 prosent.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Same månaden gav finansministerane til G20-landa grønt lys til OECD si føreslegne reform. Færre enn 10.000 selskap er venta å verte ramma av minstesatsen, men ifølgje OECD vil reforma føre til 1.300 milliardar kroner i auka skatteinntekter, kvart einaste år.

Meiner Noreg bør gå i front

Changemaker-leiaren meiner ei internasjonal skattereform er noko alle tener på, og peikar på at dei rikaste selskapa vil halde fram med å vere rike, trass i at dei lyt betale meir skatt.

– Changemaker jobbar med å finne dei grunnleggjande årsakene til urettferd i verda, og skatteflukt er ein av dei, seier Møretrø.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Møretrø håpar partia som skal danne regjering ser kor stort press det er frå sivilsamfunnet i Noreg, og tek ei leiarrolle for å få på plass ein FN-konvensjon for eit effektivt og rettferdig skattesystem.

– Vi håpar at dette, i tillegg til å innfri klimamålsetjingane, kan vere den nye regjeringa sitt store internasjonale prosjekt.