– Skremmande mangel på kunnskap

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl meiner det er viktig å få privatøkonomi som eige fag i skulen. Foto: DNB
Forbrukarøkonom Silje Sandmæl meiner det er viktig å få privatøkonomi som eige fag i skulen. Foto: DNB
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl meiner norske elevar manglar elementær kunnskap om privatøkonomi, og vil ha det inn som eige fag i skulen. Det vil ikkje Kunnskapsdepartementet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Elevane har veldig liten kunnskap om slikt som renter, sparing eller kostnadane ved å ha kredittkort. Det er skremmande, for mangelen på kunnskap kan gje uana konsekvensar, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl til Framtida.no. Ho viser til undersøkingar, eigne erfaringar frå skulen og stadig fleire unge søkjarar til TV-serien Luksusfellen.

– Privatøkonomi er eit breitt felt og noko alle møter, derfor trengst det eit eige fag. Eg har lese det som står i lærebøkene i mellom anna samfunnsfag, det er veldig kort og ein alt for liten del av faget, legg ho til.

Ved årsskiftet hadde mellom anna 28.900 personar mellom 18. og 26 år betalingsmerknader. Den same gruppa hadde over ein milliard i samla inkassogjeld. Dette i fylgje tal frå kredittopplysningsselskapet AAA Soliditet.

LES OGSÅ: Ungdom kjøper "skulesekk" til 11.000 kroner

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Teknologisk utvikling

Framstegspartiet handsama spørsmålet under landsmøtet deira førre helg. Der sendte dei forslaget om å gjere privatøkonomi til eige fag over til partiets stortingsgruppe. FpU-leiar Himanshu Gulati, understrekar at dei fleste ungdommar ikkje får problem med privatøkonomien, men meiner likevel det er det er viktig å lære fornuftig økonomi i skulen.

– Sjølv om dette eigentleg er foreldra sitt ansvar, er det lurt for ungdom å lære fornuftige reglar om økonomi i skulen. Noko som gjer dette ekstra viktig no, er den teknologiske utviklinga – ein mobiltelefon gjev til dømes ungdom høve til å bruke mykje pengar, forklarar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Får hjelp til å styra eigen økonomi

Ikkje eige fag

– Privatøkonomi er viktig, men det må sjåast i samanheng med fag som matematikk og samfunnsfag. Det er mykje som er viktig å lære i skulen, utan at det treng opprettast eigne fag, forklarar statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Elisabet Dahle. Ho meiner undervisninga må oppretthaldast gjennom gjeldande læreplanar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi har mellom anna styrka undervisninga i matte, for å gjere ho meir praktisk, variert og relevant. Eit meir praktisk retta fag gjev høve til ei tettare kopling mot til dømes privatøkonomi, held ho fram. Samstundes ser ho med uro på statistikkane over ungdom som får økonomiske problem.

– Ungdom treng god kompetanse i privatøkonomi, og her har skulen eit ansvar. Så vi vil vurdere å styrkje og tydeleggjere dette området i framtidige læreplanar.

LES OGSÅ: 9 av 10 vil ha privatøkonomi inn i skulen

Læreplanen

I noverande læreplan for samfunnsfag på vidaregåande, heiter det at elevane skal kunne ”rekne ut inntekter, planleggja pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi”. Dette kompetansemålet er foreslått vidareført i Utdanningsdirektoratets utkastet til revidert læreplan, som trør i kraft til hausten. Men det er Kunnskapsdepartementet som avgjer til slutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi har dette på vårt bord no, og kjem til å fastsetje det endelege innhaldet før sumaren, seier Dahle.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Slik legger du opp penger til egen bolig

Økonomisk fornuft i arv

– I møte med elevar har eg opplevd at ikkje alle veit at det faktisk kostar å låne pengar, og at dei har fått bakoversveis etter å få vite kor mykje det faktisk kostar å handle på kreditt, forklarar Silje Sandmæl. Budsjett, utfylling av sjølvmeldinga, skriving av sambuarkontrakt og økonomiske konsekvensar av ekteskap, er andre område ho opplever at ungdom har lite kunnskap. Sandmæl understrekar at foreldra har eit ansvar for å lære ungdom om privatøkonomi, men at mange talar lite om pengar.

– Mange vaksne har heller ikkje føresetnadar til å lære borna sine privatøkonomi. Forsking viser og at økonomisk fornuft går i arv. Nett derfor bør privatøkonomi verte eit eige fag, og vera noko ein lærer på skulen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Berre éin av fire utnyttar BSU

Livet på vent

Sandmæl peikar på tida der ein flyttar heimafrå, som ei faresone for å hamne i økonomiske problem.

– Mange unge både jobbar og får lommepengar medan dei bur heime, og bruker alle pengane på seg sjølve. Når dei flyttar heimafrå vil dei gjerne oppretthalde same forbruk og bruke like mykje på slik som kule klede og elektronikk. Men det har dei ikkje høve til med alle kostnadane ved å bu for seg sjølv. Då er det lett å hamne i ei kredittfelle, forklarar Sandmæl. Og den fella kan ha store konsekvensar.

Les også: Silje Sandmæl: - Kvinner liker å ha penger i bakhånd

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Bruker ein meir enn det ein har, hamnar ein i ei gjeldsfloke. Den kan det gå mange år å kome ut av, og livet vert sett på vent. Manglande kunnskap kan og føre til at ein sit at utan noko etter skilsmisse, eller avslutta sambuarforhold. Kan ein ikkje fylle ut sjølvmeldinga, risikerer ein å betale feil skatt, forklarar ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ein del ungdommar tenkjer at det ordnar seg, men som 18-åring er ein eige kredittsubjekt og kan gjere mykje feil. Nett derfor er det viktig å lære om privatøkonomi allereie frå ungdomsskulen, avsluttar forbrukarøkonomen.

Kva meiner du? Er det på tide at det blir meir undervisinga i privatøkonomi på skulen? Bør det blir eige fag?