Kjempar for borgarløn i Venstre

– Borgarløn er ei sterk fellesskapsløysing og ubyråkratisk, og fortener ei skikkeleg utgreiing, seier Solveig Schytz, leiar i Akershus Venstre. Foto: Venstre
– Borgarløn er ei sterk fellesskapsløysing og ubyråkratisk, og fortener ei skikkeleg utgreiing, seier Solveig Schytz, leiar i Akershus Venstre. Foto: Venstre
Artikkelen fortsetter under annonsen

I mange år har Venstre gått inn for å gi alle borgarløn i Noreg. No går ein samla programkomite inn for å sløyfa borgarløn frå partiprogrammet. Det er langt frå alle samde i.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta:

I programmet for 2009-2013 skriv Venstre at dei har ein visjon om ein gjennomgripande velferdsreform med borgarløn som garantert minsteinntekt til alle norske statsborgarar over 18 år. Borgarløna skal vera på 2 G og skal reknast som skattbar inntekt, og eventuell kommunal bustøtte kjem i tillegg. Partiet meiner at borgarløn må bli samkøyrt med dei standardiserte ytelingane frå folketrygda.

Her ser du utkastet til nytt program!

– I praksis er det ganske utfordrande med borgarløn, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre og medlem i programkomiteen til Venstre.

I programmet for 2009-2013 føreslår Venstre ei borgarløn tilsvarande kring 160.000 kroner. Dette er ei minsteinntekt alle skal få - sjølv om ein ikkje jobbar. Meininga er å erstatta dei mange ulike trygdeordningane med borgarløn.

Programkomiteen har no moderert seg kraftig i spørsmålet om borgarløn, og nemner ikkje borgarløn med eitt ord i forslaget til nytt partiprogram.

I fjor fekk Venstre utgreiingsseksjonen til Stortinget til å rekna ut at borgarløn vil kosta 600 milliardar kroner ved ei utbetaling på to gonger grunnbeløpet til Folketrygda. Viss ein trekte frå alderspensjon, sjukepengar, dagpengar og alt anna som blir erstatta av borgarløn kosta det 100 milliardar kroner. Mellom anna ville ein spara løna til mange av dei kring 19.000 som jobbar i Nav.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Vil gi alle minst 160.000 i året

– Må løna seg å jobba

Sveinung Rotevatn seier han har problem med at ein utan vilkår skal få pengar utan nokon form for innsats sjølv.

– Eg ser ein god del gode argument for borgarløn òg, men det er ikkje verdas beste ide i dagens Noreg, held Rotevatn fast. På 90-talet var Unge Venstre i fremste rekkje i kampen for borgarløn. No har dei endra syn.

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn er redd færre vil jobba med borgarløn. Foto: Venstre [Klikk på biletet for større versjon]Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn er redd færre vil jobba med borgarløn. Foto: Venstre [Klikk på biletet for større versjon]

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg meiner prinsipielt at det heile tida må løna seg å jobba, seier Unge Venstre-leiaren og er redd for at borgarløn utan krav vil føra til meir «naving» og gjera at færre er interesserte i å jobba.

Ina Roll Spinnangr frå Sør-Trøndelag Venstre seier òg at ho har problem med å halda fram borgarløn i programmet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ein del praktiske utfordringar med dagens formulering. Eg er òg usikker på behovet for borgarløn, men eg er open for veldig gode argument. Slik det står no kjem eg ikkje til å kjempa for det, seier ho.

– Synd

Akershus Venstre står fast på å halda på borgarløn i storingsprogrammet dei neste fire åra. Fylkesleiar Solveig Schytz seier ho synest det er synd at programkomiteen ikkje vil halda på borgarløn i programmet.

– Tanken om å ha ei basisordning slik at folk slepp å stå med lua i handa må framleis forfølgjast. Borgarløn er ei sterk fellesskapsløysing og ubyråkratisk, og fortener ei skikkeleg utgreiing, seier ho.

Fylkeslaget vil kjempa for å halda på ei formulering om borgarløn lik dagens, men Solveig Schytz innser at det kan vera vanskeleg å få heile landsmøtet på ei så detaljert formulering som dagens. Ho vil difor be om at landsmøtet stemmer punkt for punkt over forslaget deira.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Borgarløn er viktig for Venstre sin velferdspolitikk, seier Schytz.

Les også: - Bør berre jobba fem timar om dagen

– Veldig synd

Alf Helge Greaker meiner borgarløn vil vera meir demokratisk. Foto: Venstre [Klikk på biletet for større versjon]Alf Helge Greaker meiner borgarløn vil vera meir demokratisk. Foto: Venstre [Klikk på biletet for større versjon]

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alf Helge Greaker er med i delegasjonen til Hordaland på landsmøtet. Delegasjonen frå Hordaland støttar forslaget frå Akershus om å halda på borgarløna. Greaker synest det er veldig synd om partiet no skal gi opp kampen for borgarløn.

Han meiner det er problematiske sider med utrekningane om kostnadene ved innføring av borgarløn, tilbakeviser at alle er så friske som reknestykket tek som utgangspunkt.

– Dessutan må ein ta med gode som fritid som eit samfunnsgode. Det er ikkje prisa i det heile i den utgreiinga som er gjort, seier Greaker.

– Bør det ikkje løna seg å jobba?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Jo, det skal det framleis gjera. Men er det parti som verkeleg skal ha visjonar for å ta velferdsstaten vidare, så bør det vera Venstre, seier han.

Han meiner borgarløn vil vera meir demokratisk.

– I dag er det så mange skjema at det berre er dei mest ressurssterke som klarar å forhalda seg til desse. Berre det er eit sjølvstendig argument for borgarløn, seier Alf Helge Greaker.

Les saka: Vil at du skal jobbe 100 timar meir i året

Kva synest du om borgarløn? Er det ein god ide? Kva ville du gjera om du fekk 160-200.000 kroner i året?