Vil gi alle minst 160.000 i året

Anja Askeland er leiar av Borgerlønn – BIEN Norge. Organisasjonen jobbar for innføring av borgarløn i Noreg. Foto: Espen Xandrius Leinæs
Anja Askeland er leiar av Borgerlønn – BIEN Norge. Organisasjonen jobbar for innføring av borgarløn i Noreg. Foto: Espen Xandrius Leinæs
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Arbeid for løn er tvang, meiner Anja Askeland, leiar av Borgerlønn – BIEN Norge. Organisasjonen jobbar for innføring av borgarløn i Noreg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunne du tenkja deg å få betalt for å gjera det du helst vil? Kva ville du då gjera? Ville du sett på tv dagen lang, gjort dugnadarbeid, drive på med ein hobby eller halde fram i jobben som før?

Tysdag hadde den norske organisasjonen for borgarløn sitt første årsmøte. Dei ønskjer å innføra borgarløn for alle norske borgarar. Kvar innbyggjar vil i så fall få kring 160-200.000 kroner – eller 2 til 2,5 gonger grunnbeløpet til Folketrygda (G).

– Borgarløn er nesten magisk og har potensiale til å løysa svært mange samfunnsutfordringar me står overfor i dag, seier Anja Askeland, leiar av Borgerlønn – BIEN Norge.

Les også: - Bør berre jobba fem timar om dagen

– Meir berekraftig

– Borgarløn passar alle ideologisk retningar, legg Askeland til.

– Korleis då?

– For økonomiske liberalistar blir det meir marknadsfleksibilitet. Avskaffing av minstelønsordningane kombinert med at inntekt delvis blir kopla fri frå arbeid, vil kunne gjera det lettare å få lønningane ned. Det vil òg auka mulegheitene for dei som i dag er utanfor arbeidslivet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– For sosialistane vil det innebera frigjering frå stigmatisering og klientifisering, held Askeland fram.

Sjølv har ho tidlegare vore aktiv i Miljøpartiet Dei Grøne, og meiner borgarløn vil gi fleire fridom til å erstatta forbruk med tid.

– Interessa for å ta vare på gamle handverk kan bløma. Ein vil òg få tid til å styrka lokalmiljøet. Bærekraftig lokal produksjon, gardsutsal og kortreiste produkt kan sørgja for ein blømande lokaløkonomi. Lokale sosiale nettverk og frivillige organisasjonar kan styrkast og me kan få eit varmare og meir inkluderande samfunn. Ein kan også takka nei til å arbeida i bedrifter som produserer ut frå uetiske prinsipp og seia ja til bærekraftige og grøne arbeidsplasser.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Oljen bergar oss ikkje

Kostbart

I fjor fekk Venstre utgreiingsseksjonen til Stortinget til å rekna ut at borgarløn vil kosta 600 milliardar kroner ved 2 G.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alderspensjon, sjukepengar, dagpengar og alt anna som blir erstatta av borgarløn kosta det 100 milliardar kroner. Mellom anna vil ein spara løna til dei kring 19.000 som jobbar i Nav.

– Korleis skal dette finansierast?

– Me har ikkje ein bestemt modell for finansiering, men det er viktig å gå vekk frå skattlegging på arbeid og over til andre former for skattlegging. Konsum er ein mulegheit, men i praksis treng ikkje prisane aukast. Det bedrifta sparer inn i utgifter på lønsarbeid kan den skattleggast på anna vis for eksempel direkte på prisen for varen, seier Askeland.

Skatt direkte på ressursane, landareal, finanstransaksjonar og klima meiner ho òg er interessant. Mannen bak ideen om skatt på finanstransaksjonar, nobelprisvinnaren i økonomi James Tobin, er òg ein tilhengjar av borgarløn.

– Vil ikkje dette freista fleire til å innvandra til Noreg, og såleis gjera borgarlønn endå dyrare?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Migrering kan vera ei utfordring. Det ideelle ville vore om alle statar innfører borgarløn samtidig. Me ser no ein valdsam stigning i interessa for borgarlønn internasjonalt. I EU har dei starta eit borgarinitiativ der dei innan 14. januar 2014 skal samla inn ein million underskrifter. Klarer dei det skal EU-kommisjonen ta opp saka. Det er alvorlege sosiale problem i EU og motivasjonen for å finna ei løysning er høg, svarer Anja Askeland.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ei sak for alle parti

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne går i dagens stortingsvalprogram inn for borgarløn. Raudt vil ha ei forsøksordning med borgarløn. I andre land har også Piratpartiet gått inn for borgarløn.

I valprogrammet for denne stortingsperioden seier Venstre at borgarløn i første omgang kan bli innført til langtidsmottakarar av sosialhjelp.

Partiet seier også at borgarløn må samkøyrast med dei standardiserte ytingane frå folketrygda. Venstre foreslo i 2007 å løyva 300 millionar kroner til eit prøveprosjekt med borgarlønn i 2008, men fekk ikkje med seg resten av Stortinget på dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Anja Askeland meiner alle partia bør ha interesse av å gå inn for borgarløn:

– Høgre kan fokusera på økonomien og marknadsfleksibiliteten, Arbeidarpartiet kan fokusera på solidaritet, rettferdig skattlegging – frå skatt på arbeid til skatt på konsum, Framstegspartiet med vekt på avbyråkratisering og mindre skatt og at systemet blir forståeleg for alle, Kristeleg Folkeparti for familieverdiar, menneskeverd, livet og slikt, for Sosialistisk Venstreparti vekk med stigmatisering og klientifisering, Senterpartiet for desentralisering og lokalsamfunn, Venstre og andre liberale for fridom, Raudt for kamp mot fattigdom og Dei Grøne – meir tid og mindre forbruk og avkommersialisering av produksjon.

– Alle dei politiske partia bør samarbeida om å løfta vår velferdsstat til ein ny bærekraftig modell. Ein ekstra grunn er å visa at dei er styringsdyktige, at dei er i politikken for folket, seier Askeland.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også : Forskarar: - Arbeid for trygd verkar

– Arbeid er tvang

På nettsidene til organisasjonen Borgerlønn – BIEN Norge står det blant at lønnsarbeid er tvang og ei kollektiv løgn, og at det ikkje finst ein eigenverdi i å arbeida.

– Kva er det som inneber tvang ved å jobba?

– Å gi løn for arbeid viser i utgangspunktet at det er ein kompensasjon for noko ein elles ikkje ville gjort. Ein er i prinsippet ikkje frie.

Leiaren i Borgerlønn – BIEN Norge meiner det skjedde ei endring då Noreg gjekk frå å ha ein eigen sosialminister til ein arbeidsminister.

– Alle samfunnets sosiale problem skal no løysast gjennom inkludering i arbeidsmarknaden og omgrepet lønnsslaveri har nesten forsvunne i media. Retorikken rundt arbeid har gått over til at det er der me skal realisera oss og dei som ikkje bidreg er snyltarar eller må vera sjuke og uføre for å få offentlege ytingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Vil at du skal jobbe 100 timar meir i året

– Men samfunnet treng at folk arbeider meir viser blant anna Perspektivmeldinga til regjeringa. Vil ikkje folk slutta å jobba viss dei får borgarløn?

– Det er ingen forsking som tyder på det. Alle pilotprosjekt til no har vist at borgarløn fører til både meir aktivitet og livskvalitet, seier Anja Askeland.

Ho viser til resultata frå eit pilotprosjekt i Namibia som hadde gode resultat.

– Til og med kriminaliteten sank, med heile 42 prosent, påpeikar ho. I India foregår det i dag liknande pilotprosjekt med mange tusen deltakarar som har lovande resultat.

– I Canada, Dauphin, var det eit prosjekt også som viste at folk jobba som før. Det var to grupper som arbeidde litt mindre og det var nybakte mødrer og unge fattige. Men dei blei ikkje passive, dei unge valde heller å studera slik at dei kunne kvalifisere for betre jobbar, seier Anja Askeland.

Kva synest du om borgarløn? Er det ein god ide? Kva ville du gjera om du fekk 160-200.000 kroner i året?