Fleire fattige barn i Noreg
Samstundes aukar eldre inntektene sine rekordmykje. Sjå kvar flest barn i Noreg lever i fattige familiar.
74.000 norske born bur i hushaldningar med vedvarande låginntekt. Sidan 2005 har talet på barn i fattige familiar auka med 6.500. 7,7 prosent av alle born i Noreg lever no i familiar med vedvarande låg inntekt. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.
Til samanlikning har eldre over 67 år hatt ein rekordauke i inntektene sine dei siste 11 åra.
Barn som har innvandra sjølv, eller som er barn av innvandrarar, er meir utsett for vedvarande låginntekt enn andre barn.
Les også : Aarebrot om eldre veljarar: Ekle, egoistiske bandittar
Deltek sjeldnare i fritidsaktivitetar Sjølv om få oppgjev økonomi som årsak til at borna ikkje deltek på fritidsaktivitetar, deltek barn i låginntektsfamiliar sjeldnare i slike aktivitetar. 36 prosent deltek ikkje i det heile.
Talet for dette på dei borna som ikkje er i låginntektsfamiliar er 14 prosent.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenBarn i låginntektshushaldninger og hushaldninger med låg utdanning har mindre aktive foreldre, og foreldre med svakare sosiale nettverk.
Les også: 663.000.000 færre ekstremt fattige i verda
Færrast fattige barn i vest Oslo (16,4 prosent) og Østfold (10,7 prosent) peikar seg ut som dei fylka der flest barn bur i hushaldningar med vedvarande låginntekt.
Barn i Troms, Finnmark, Rogaland og Sogn og Fjordane, med ned mot fire prosent i sistnemnde, bur i mindre grad i hushaldningar med låginntekt.
Venstre reagerer Den raud-grøne regjeringa gjekk hardt ut i Soria Moria-erklæringa og lova å avskaffa fattigdom. No får regjeringa kritikk frå Venstre.
– Jens Stoltenberg må konsentrere seg meir om å skape færre fattige enn å skape færre rike, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til Dagsavisen i ein kommentar.
I ein OECD-rapport frå i fjor viser at Noreg er eit av dei rike landa i verda der forskjellane mellom rike og fattige aukar mest.
I morgon skal finanskomiteen behandla fordelingsmeldinga i Stortinget. Tiltaka som er føreslått er i stor grad vidareføring av allereie eksisterande tiltak.