Meny

Fleirtal vil ha høge skattar

Eskil Pedersen, leiar i AUF går inn for høgare skattar for å finansiera meir velferd. FOTO: AUF
Eskil Pedersen, leiar i AUF går inn for høgare skattar for å finansiera meir velferd. FOTO: AUF

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ikkje sidan den første målinga i 1985 er det målt så positive haldningar til skatt.
58 prosent av norske ungdommar mellom 15 og 26 år meiner det er viktig med eit høgt skattenivå for å oppretthalda viktig offentleg verksemd. Det kjem fram i ein fersk analyse av Norsk Monitor som er lagt fram for Barne-, likestillings- og diskrimineringsdepartementet. Ikkje sidan den første målinga i 1985 er det målt så positive haldningar til skatt.

Tilhengjarane av skattekutt er samstundes på veg ned. I 2001 meinte 64 prosent av ungdommane at lågare skattar er blant dei 100 viktigaste samfunnspolitiske sakene som bør løysast. I 2009 er det berre 30 prosent som meiner det same.

– Store forventningar – Det er veldig bra at færre ungdommar vil ha skattekutt, seier AUF-leiar Eskil Pedersen. I onsdagsutgåva av Dagens Næringsliv gjekk han inn for høgare skattar for næringslivet og alle med over 400.000 kroner i løn og avgifter for "luksusforbruk" og valutatransaksjonar.

– Det er veldig store forventningar til velferdsstaten. Då er det veldig bra at folk skjønar at ein må betala for eit høgt velferdsnivå, seier Pedersen, og understrekar at dette også gjeld andre aldersgrupper.

Vil vinna valet med høgare skatt Leiaren i Sosialistik Ungdom, Olav Magnus Linge, åtvarar mot at det kan bli for seint før Jens Stoltenberg vil skjøna at høgare skattar må til, men gjev AUF-leiaren ros for å ta eit oppgjer med frysinga av skattenivået til Arbeidarpartiet.

– Venstresida handlar best når ein i handling viser at ein har leiartrøya i å byggja ut velferden. Å gje ei truverdig oppskrift på korleis ein kan gje meir velferd til folk er den einaste måten ein kan vinna valet på, seier Linge.

LES MEIR: Fleire unge fell utanfor

– Så du vil gå til val på høgare skatt?

– Velferd vil vera ei vinnarsak. Bustadpolitikk, likeløn og ei tannhelsereform er døme på dette. Høgare skattar vil bidra til å gjera det truverdig å få til denne velferden.

– Det må løna seg å arbeida Henrik Asheim, leiar i Unge Høgre, ønskjer ikkje høgare skattar, og kommenterer tala slik:

LES OGSÅ: – Sjølv Noreg kan gå konk

– Eg har inga god forklaring på desse tala. Men dette endrar ikkje det faktum at me ikkje kan skatta oss ut av dei utfordringane Noreg står framfor. Det er ikkje vilje blant folk til å betala 10 prosent meir i skatt. Skal me løysa ei utfordring som eldrebølgja, så må me få fleire folk i arbeid. Då må det løna seg å arbeida.

Kva meiner du skal til for å takla eldrebølgja? Har me råd til å betala meir skatt?
Privatøkonomi
Populært