T5PC-toppane dømde for grov korrupsjon

Styreleiar i T5PC Invest AS, Jørn Ronnie Tagge er dømd for grov korrupsjon. (Foto: Sara Johannessen / SCANPIX)
Styreleiar i T5PC Invest AS, Jørn Ronnie Tagge er dømd for grov korrupsjon. (Foto: Sara Johannessen / SCANPIX)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Toppane i pyramideselskapet må i fengsel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
T5PC

pyramideselskap etablert 2003. Over 40.000 nordmenn investerte fleire hundre millionar kroner i selskapet.

I løpet av 2004 fekk selskapet trøbbel og verksemda byrja å rakne. Det endte med konkurs i november 2004, og dei aler fleste investorane i selskapet tapte pengane dei hadde investert.

Politiet sikta 11 sentrale personar i T5PC og har no etterforska saka i nesten tre år, men har henlagt saka mot 9 av dei 11 sikta.

Tidlegare styreformann Jørn Ronnie Tagge i pyramideselskapet T5PC er dømd til to års fengsel for grov korrupsjon. Seks månader av dommen blir gjort ubetinga.

Det melder E24.

Finansakrobat Thomas Øye blei frikjend. Øye var berre tiltalt for formidling av eit pengebeløp på 800.000 kroner.

T5PC-toppen Henrik Ellefsen er dømd for grov korrupsjon og brot på rekneskapslova. Ellefsen er dømd til fengsel i tre år og seks månader.

Pyramideselskapet T5PC lokka titusenar av nordmenn til å investere til saman fleire hundre milllionar kroner. Hausten 2004 gjekk selskapet konkurs, og Økokrim innleia etterforsking mot selskapet og bakmenna. I desember 2004 gjennomførte Økokrim ein storstilt razzia hos dei 11 toppane i selskapet. Men tre års etterforsking har berre resultert i to mindre dommar knytt til rekneskapsføringa i selskapet, samt to tiltaler.