Bustadfest også neste år

Ekspertane ventar heite temperaturar på bustadmarknaden i enda eitt år. Men så er det slutt, åtvarar dei.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Oslo (ANB): Om eitt år ventar nemleg ekspertane i bustadpanelet til Dagens Næringsliv starten på det som kan ende i eit krakk, når bustadfesten er over og prisauken dabbar av. Men før den tid kjem bustadprisane til å stige ytterlegare rundt ti prosent, meiner ekspertane.

Frykta for eit krakk skriv seg frå statistikk frå Noregs Bank. Den viser at prisoppgangen i dag er klart brattare enn dei to foregåande oppgangstidene til saman. Bustadfesten under jappetida varte i sju år, og realveksten var på 70 prosent. Oppgangen i dag har vart i 14 år. Realveksten har vore på 200 prosent, og aukar stadig.

- Høge nivå på bustadprisane og høg grad av gjeld gjer det betimeleg å spørje seg om me kan vente eit markert omslag i bustadmarknaden, seier seniorøkonom Kyrre Aamdal i DnB Nor Markets. (ANB)

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus