Miljøvenleg innpakking

Skal du leggje etiske geiter, rettferdig kaffi og biologisk nedbrytbare gåver under treet, bør du halde på stilen og velje ei innpakking som harmonerer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Viss du ikkje er i kome i gang med julegåvene endå, og har ambisjonar om å vere miljøvenleg også under den store kjøpefesten, kan det vere greitt å vite at vanleg julepapir i dei fleste tilfelle ikkje kan gjenvinnast.


Julegåvene er fine å sjå på, men dei er dyre. Ikkje berre i lommeboka, men også miljøet lir under gåvehysteriet.Julegåvene er fine å sjå på, men dei er dyre. Ikkje berre i lommeboka, men også miljøet lir under gåvehysteriet.


Restavfall


Dei fleste kommunar vil at vi skal leggje gåvepapir i restavfallet, då det er så fullt av farge og diverse stoff at det ikkje kan resirkulerast til vanleg papir. Å brenne papiret er ikkje nokon god idé, då røyken som oppstår både er helseskadeleg og kan lage pipebrann.

Når ein tenkjer på at vi nordmenn i følgje Framtiden i våre hender brukar om lag 50 millionar meter julepapir på ei jul, sparar ein miljøet og får samstundes betre samvit om ein vel eit miljøvenleg alternativ til innpakkinga.

Alternativ innpakking


Grønn hverdag

har tips til den som vil halde stilen:

*Gjer som bestemor, bruk papiret om igjen. Gåvepapir er det papiret som har kortast levetid, viss ein er varsam under utpakkinga går det ofte fint å bruke det ein gong til.

*Ta vare på øskjer, papirposar, gråpapir og liknande. Med litt innsats og skaparglede kan dei bli til personleg og morosamt gåvepapir.

*Vreng og dekorer øskja som gåva ligg i i staden for å pakke ho inn.

*Gje vekk omsorg, tenester, tid og opplevingar, då sparar du miljøet både for innpakkinga og det som ligg inni. Gåva kan formidlast på eit kort som du legg under treet. Grønn hverdag har tips til

ikkjematerielle gåver

.

*Bruk allereie resirkulert papir og gråpapir til å pakke inn gåvene. Fine magasin og aviser kan også brukast. Viss du har eit annleis gåvepapir, ser den du gir gåva til at du har brukt tid på han, noko som alltid er ei kjekk oppleving.

*Du kan også lage ditt eige gåvepapir ved å måle eller trykkje (potet-trykk!) på gråpapiret. Gråpapir kan gjenvinnast.

Forskjellig praksis


Somme kommunar tar seg av julepapiret på særskild vis, og vil helst ha det i papirdunken, eller aller helst til ein gjenvinningsstasjon.

- Det beste for oss er om folk leverer julepapiret til ein gjenvinningsstasjon i romjula, seier Ernst Rune Danielsen som er avdelingsleiar hos renovasjonssamarbeidet IVAR. Dei har ansvar for avfallshandteringa i ti kommunar i Rogaland.

- Då slepp vi nemlig å sortere det ut. Vi kan gjenvinne julepapiret saman med papp og drikkekartong, men vi må skilje det frå det vanlege papiret og dosere det ut litt og litt saman med pappen, fortel Danielsen til Neste Klikk.

Viss du lurer på kor akkurat din kommune vil at du skal gjere av julepapiret etter jul, kan du anten spørje dei, eller finne det ut på oversikta hos retursamarbeidet

loop.no



Kjelde:

Fakta:


Les meir i Neste Klikk:


Personvernpolicy