Ungdomsbedrift med gull på glas

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje mange butikkar på Nesflaten. Men gullstøv, det får ein tak i, viss ein finn fram til Tjerand sin butikk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når ein køyrer gjennom den vesle bygda Nesflaten i Rogaland, kjem ein forbi eit stort skilt med pil i vegkanten: «Tjerand sin butikk». Sjølve butikken er ikkje så lett å finne, ein må nesten vite kor Tjerand og familien hans bur. Men butikken er døgnopen, forsikrar Tjerand Haugen Havrevoll (16). I tre år har han drive butikken, som byrja som eit skuleprosjekt i åttande klasse.

- Eg veit ikkje om eg skal ha butikk seinare i livet, men eg har i alle fall lært mykje om å drive ei bedrift, seier Tjerand Haugen Havrevoll (16). (Foto: Toyni Tobekk)- Eg veit ikkje om eg skal ha butikk seinare i livet, men eg har i alle fall lært mykje om å drive ei bedrift, seier Tjerand Haugen Havrevoll (16). (Foto: Toyni Tobekk)

- Eg hadde ein lærar som hadde budd ti år i Nepal, og han hadde med ting derfrå. Så fekk eg lyst til å bruke valfaget på skulen til å starte ein butikk der eg selde ting frå Nepal.

Gull verd


Etterkvart byrja han å ta inn varer også frå Kina, India, Mongolia og fleire afrikanske land. Fine, handlaga, artige pynteting, smykke, gåver og bruksgjenstandar er profft utstilt i det vesle butikklokalet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Alt før eg har kome opp trappa har eg forelska meg i ein bluse frå Nepal. Og før eg kjem meg ut igjen, har eg fått med meg ei dokke, ein pose med rettvis kaffi frå Tanzania, handbroderte kort og til og med ei lita flaske med gullstøv til den som har alt. Eller «Til nokon som er gull verd», som Tjerand har skrive på eit lite skilt framføre gullflaskene.

Den perfekte gåva til den som har alt - ei flaske med gullstøv. (Foto: Toyni Tobekk)Den perfekte gåva til den som har alt - ei flaske med gullstøv. (Foto: Toyni Tobekk)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Rettferdig kaffi


Tjerand veit kor varene kjem frå, og forklarer villig om tøflar frå Mongolia og gåvepapir frå Nepal.

Med kaffien eg kjøper, følgjer eit ark der det er bilde av kaffibonden i landsbyen Nkoaranga rett vest for Kilimanjaro i Tanzania, og familien hans. Det står at den fine posen med sebraer på som kaffien ligg i, er laga av skreddaren i Nkoaranga, og at kaffibøndene får skikkeleg betalt for kaffien sin.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det gjer ikkje noko om du ikkje har pengar, du kan gjerne få rekning, seier handelsmannen Tjerand.

Teikneseriar på prøverommet


Då eg skal prøve blusen frå Nepal, blir eg vist inn på prøverommet, som samstundes er toalettet i butikken. Det er første gong eg er i eit prøverom der det ligg teikneseriar ein kan lese viss ein har god tid!

- Du må ikkje bli forskrekka når du ser utstillingsdokka, seier Tjerand på veg ut, nøgd med handelen. Då ser eg ein mystisk person som ligg på ein svært stiv måte i ei seng i naborommet. Det er utstillingsdokka til Tjerand som tar seg ein velfortent kvil.

Ikkje rik, men klok


Han fekk litt støtte til investeringar frå Fylkesmannen i Rogaland då han starta opp bedrifta si. Elles har han greidd seg sjølv, med litt praktisk hjelp frå familien. Butikken går med overskot, men han tar ikkje ut særleg mykje løn. - Det er ikkje akkurat for å bli rik eg gjer dette, innrømmer han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

16-åringen Tjerand sel gåver, leiker, papirvarer, julepynt og klede til turistar og fastbuande. (Foto: Toyni Tobekk)16-åringen Tjerand sel gåver, leiker, papirvarer, julepynt og klede til turistar og fastbuande. (Foto: Toyni Tobekk)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han ser på butikken mest som ein lærerik hobby, noko å gjere på fritida.

- Eg har lært veldig mykje av å drive butikk. Eg fører rekneskap sjølv, eg skaffar meg plass på messer og marknader, bestiller varer og tar meg sjølvsagt av kundane. Og alt det er ikkje berre litt jobbing, det har eg lært meg.

Varene får han dels direkte frå produsentane, dels gjennom større importørar. Kundane er både turistar og fastbuande, og salet går jamt og trutt heile året, med eit lite oppsving før jul.

Julepynt


No ventar han på ei levering av englar og kuler frå Kina, som han håpar vil hengje på eller liggje under mange juletre om ein dryg månad. - Korgene frå Afrika er også fine julegåver, tipsar Tjerand.

Neste haust skal han byrje på vidaregåande, han veit ikkje kva han skal satse på endå, men vurderer helse og sosial eller elektro. Han kan drive butikken som ungdomsbedrift til han fyller tjue, men veit ikkje kva det blir til etter ungdomsskulen. - Vi får berre sjå, kanskje eg må bu på hybel, eg tar det som det kjem.

Som ungdomsbedrift er han registrert i Brønnøysundregisteret, og må føre rekneskap, men krava er ikkje så mange og strenge som for andre bedrifter. Målet er at ungdommar skal få prøve seg i næringslivet og få nyttige erfaringar dei kan få bruk for seinare i livet.

Om han skal bli handelsmann igjen seinare, det vil han heller ikkje seie noko om. Men at han passar i rolla, det er det ingen tvil om, tenkjer eg, og får med meg rekninga i ein stor pose saman med alle dei fine gåvene eg har kjøpt.

Les meir på nettet:

ABC Startsida: