Sukkerfritt ved kassa

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du stått i kø i ein daglegvarebutikk, har du nok og sett korleis området rundt kassa bugnar av freistingar i form av sjokolade, brus og anna snop. No kan det bli annleis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vekk med snopet framfor kassen. Frukt og nøtter skal no stogge blodsukkerfallet til ICA sine kundar. (Foto: Astrid E. Hjelmeland)Vekk med snopet framfor kassen. Frukt og nøtter skal no stogge blodsukkerfallet til ICA sine kundar. (Foto: Astrid E. Hjelmeland)

Slitne og svoltne kundar i kø framfor kasseapparatet blir lett bytte for freistingar i form av snop og snacks som står strategisk plassert.

No seier leiaren av butikk-kjeda ICA, Erland Björn, at dei ønskjer å endre denne praksisen som eit ledd i satsinga på sunnare mat. Han fortel at ICA ønskjer ønskjer å by kundane sine sunnare freistingar ved å innføre ei prøveordning med ha sukkerfrie soner rundt kassa.

Gler seg


Rådgjevar Ellen Bjørkum i Forburukarrådet er svært nøgd, og seier til avisa Vårt Land at mykje av snopet som blir tilbode i kasse-sonen er sett i barnehøgd.
- Eg trur mange småbarnsforeldre vil vere glade for dette, seier ho.

Den sukkerfrie sona skal i første omgang testast ut i ein nyopna ICA-butikk i Oslo. Der skal snop, snacks og brus byttast ut med tørka frukt, nøtter og flaskevatn.

Björn legg ikkje skjul på at usunne godsaker sel godt og bringar mange pengar inn i kassen. Samstundes må butikken vere var for kva det er kundane verkeleg ønskjer, seier han.

Kjelde: Vårt Land

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving