Nordmenn vil ha etiske varer

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre av fire nordmenn seier det er viktig at matvarer er produserte på ein etisk ansvarleg måte.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det kjem fram i ei undersøking som Opinion har gjort for Norad.

I undersøkinga kjem det fram at forbrukarane har eit tydeleg ønske om å framstå som ansvarlege. Folk er i stor grad motiverte av etikk og det å utvise ansvar når dei handlar.

Vel 72 prosent av dei spurde seier at det er ganske eller svært viktig for dei at matvarene er produserte på ein etisk og forsvarleg måte.

- Vi håpar at norske importørar vil ta omsyn til holdningane blant forbrukarane og vise større ansvar for etiske forhold. På den måten kan norske importørar bidra til betre tilhøve for arbeidarar i utviklingsland.

Utbyttande arbeidsforhold, barnearbeid, arbeidsulukker og miljøøydeleggingar held utviklinga tilbake, seier rådgjevar Mari Sofie Furu i Norad til Dagligvarehandelen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving