Mål veggen med godt samvit

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi nordmenn er verdsmeistrar i oppussing. No kan du oppgradere heimen utan å ha dårleg samvit for miljøet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

No kan du pusse opp heimen med betre miljøsamvit.No kan du pusse opp heimen med betre miljøsamvit.

Målingsprodusenten Beckers er den første til å sikre seg det offisielle nordiske miljømerket Svanen på produkta sine.

- Berre dei beste produkta med god miljødokumentasjon får lisens til å bruke Svanemerket, seier direktør Alvhild Hedstein i stiftinga Miljømerking i ei pressemelding.

Tryggleik


- Vi opplever at stadig fleire nordmenn er opptekne av at produkta skal vere miljøvenleg framstilte, og ikkje minst at dei skal vere trygge i bruk.

Ho er glad for at forbrukarane no får høve til å velje dokumentert miljøvenleg måling, og meiner at Svanemerket har eit høgt truverde blant forbrukarane.

Fleire målingsprodukt frå Beckers ber allereie EU-blomen og tilråding frå det svenske astma-og allergiforbundet. Når no heile 18 av produkta deira får Svanemerket, er produsenten komen eit stykke på vegen mot målet dei har sett seg. Ambisjonen til Beckers er nemleg at 99,5 prosent av produkta deira skal vere miljømerka innan 2010.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Miljømerket Svanen er det best kjende miljømerket i Noreg, og har truverde blant forbrukarane.Miljømerket Svanen er det best kjende miljømerket i Noreg, og har truverde blant forbrukarane.

Miljø og helse


For å få Svanemerket, må produsenten tilfredsstille miljø- og helsekrav i heile verdikjeda, frå produksjon til distribusjon og bruk. Mellom anna vert det stilt krav til avgassing.

Produkta må også tilfredsstille kvalitetskrav som sikrar at de held like høg kvalitet som tilsvarande produkt som alt finst på marknaden - anten desse er miljøvenlege eller ikkje.

Heile Norden


Det var Nordisk Ministerråd som i 1989 innførde miljømerket Svanen som ei felles, offisiell miljømerking i Norden. Svanesymbolet er basert på logoen til Nordisk råd, og merkinga omfattar Noreg, Sverige, Finland, Island og Danmark.

I dei fleste tilfella gjeld merkinga for ein treårsperiode, før ein må søkje på nytt. Då vil krava vere endå strengare, og dermed må produsentane stadig jobbe med å utvikle produkta sine og gjere dei meir miljøvenlege.


Kjelder/ les meir:

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:




Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving