Nordmenn trur på framtidsøkonomien

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv etter alle åtvaringar mot for stor økonomisk vekst har nordmenn tru på norsk økonomi og ustoppeleg auke av bustadprisar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tal frå Noregs Bank syner at hushaldningane si gjeld det siste året har auka med 13 prosent, noko som tilsvarar 170 milliardar kroner årleg. Dette bekymrar ikkje den jamne nordmann, melder Dagsavisen.

Heile åtte av ti personar i Oslo og Akershus trur at bustadprisane kjem til å stige i området, for berre eit halvt år sidan svarte 69,5 prosent det same i ei meiningsmåling frå Sentio AS.

- Undersøkinga speglar den vanvittige galskapen i bustadprisane. Tala er spektakulære, seier dagleg leiar i Sentio AS til Dagsavisen.

Forbrukarøkonom Aud-Helen Rasmussen trur at om dei svært gunstige skattefordelane ved å eige bustad blir redusert, vil nordmenn snu i trua. Slike regelendringar trur ho kan kome allereie i statsbudsjettet som blir lagt fram på fredag, skriv Dagsavisen. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving