Våt ved kan lage pipebrann

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan bli mange pipebrannar i vinter, fryktar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Problemet er at mangel på tørr ved kan føre til at folk fyrer med våt ved.

Det byrjar å bli vanskeleg å få tak i ved over heile landet. Vedprodusentanes foreining, Norsk ved, stadfestar situasjonen blant sine 3.500 medlemmer.

- Folk hamstrar og kjøper meir enn normalt. Då går vi tomme til slutt, seier dagleg leiar Oddvar Espegard til P4.

DSB fryktar at folk derfor skal ta til takke med ved som ikkje er skikkeleg tørr, og at det igjen kan føre til fleire pipebrannar.

- Det vi veit er at vedprodusentane er betre rusta no enn sist gong vi hadde ein tilsvarande boom. Men blir det tomt, då kan det føre til at folk brukar ved som ikkje er så tørr som den bør vere. Då kan vi få ein auke, sjølv om vi ikkje har nøyaktige tal på det, seier senioringeniør Lars Haugrud i DSB.

Talet på pipebrannar auka sterkt i 2003, då straumprisane også var rekordhøge. Dei siste fem åra har det vore rundt 2.500 pipebrannar årleg, men i 2003 var det 3.200 pipebrannar.

Fuktig ved gjer at det samlar seg beksot og tjære i pipa, som etter kvart tek fyr. Det kan skje etter berre få månader.

- Eg ville heller ha fyrt med straum og betalt dei kronene enn å fyre med veldig våt ved, for det er faktisk uøkonomisk, miljø-uvenleg og farleg. Det har eg ikkje så mykje forståing for at folk gamblar med, seier Haugrud. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving