Rekordbesøk på hotella

Juli vart ein rekordmånad for norske hotell, med fleire overnattingar enn nokon gong i feriemånaden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: flygtorget.se)(Foto: flygtorget.se)

(NPK): Juli vart ein rekordmånad for norske hotell, med fleire overnattingar enn nokon gong i feriemånaden. Talet på overnattingar auka med fire prosent til 2,44 millionar samanlikna med juli i fjor.

Talet på norske overnattingar auka med tre prosent, medan utanlandske overnattingar auka med fire prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

For den største utanlandsmarknaden, Tyskland, gjekk talet på overnattingar ned med seks prosent, medan det var fleire overnattingar frå Storbritannia og USA.

Så langt i år har talet på hotellovernattingar i Noreg auka med tre prosent samanlikna med sama perioden i fjor. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy