Vi trivast i heimen
(NPK): Dette går fram av ei gransking som Perduco har gjort for MAXBO blant 1.900 personar.
- Det er ikkje overraskande at det er færre i Oslo enn i resten av landet som har eit langsiktig perspektiv på buforholdet sitt. Oslo er prega av at mange kjem til hovudstaden for ein avgrensa periode grunna studiar eller karriere, samt at mange leiger og ikkje eig bustaden sin, seier redaktør for MAXBOs BO-magasin, Linn Andresen.
På landsbasis seier 15 prosent at dei skulle ønskje at dei budde ein annan stad. Det er dei med lågast inntekt og personar under 30 år som i størst grad ønskjer seg noko anna. Folk i Finnmark og Buskerud oppgir i størst grad at dei skulle ønskje dei budde ein annan stad.
På landsbasis seier 37 prosent at bustaden er midtpunktet i liva deira. Så mange som 97 prosent av oss trivast i heimen vår.
Tendensen er at bustaden vert viktigare for folk dess lenger vekk ein kjem frå storbyane. I Oppland og Nord-Trøndelag seier 51 prosent at bustaden er midtpunktet i livet, medan berre 26 prosent i Oslo seier det same.
Blant menneske over 60 år, seier 60 prosent at bustaden er livets midtpunkt, medan berre 20 prosent under 30 år meiner det same. (NPK)