Endeleg syltety og snop

Førre torsdag opna ein ny Rema 1000- butikk i Volda. Der finn du, takka vere ein språkbevisst butikksjef, berre lave prisar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Birger Løken er butikksjef for Rema 1000- butikken i Industrigata i Volda i Møre og Romsdal, som er den første nynorske Rema-butikken i Noreg.

Endeleg er det syltety å få kjøpt i Volda. (Foto: Maren Løken)Endeleg er det syltety å få kjøpt i Volda. (Foto: Maren Løken)

Han meiner at det er heilt sjølvsagt at varegruppeskilta er på nynorsk i Ivar Aasen si verd.

- Nynorsk er jo språket vårt, vi har jo Aasentunet like i nærleiken, og nynorsk er no heilt naturleg for oss, seier han til Neste Klikk.


Eige initiativ


Det var Løken sjølv som tok initiativ til at skilta i butikken skulle vere på det språket som blir brukt i Volda.
- Eg tok det opp med regionkontoret, og dei var heilt med på tanken. Det gjekk heilt greit å få godkjenning for det.

Snacks kunne vi jo ikkje ha i butikken, det er jo engelsk, seier Birger Løken. Han og kona gjorde oversettingsjobben sjølv, og måtte også pønske ut nokre nye ord. (Foto: Maren Løken)Snacks kunne vi jo ikkje ha i butikken, det er jo engelsk, seier Birger Løken. Han og kona gjorde oversettingsjobben sjølv, og måtte også pønske ut nokre nye ord. (Foto: Maren Løken)

Også kundane er nøgde med satsinga.
- Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, dei synest det er berre kjekt og stas med nynorsk i butikken, seier Løken.

Laga nye ord


- Kven har gjort oversetjingane då?

- Det har eg gjort saman med kona mi. Vi måtte lage nokre nye ord, til dømes har vi ei varegruppe som i dei andre butikkane vert kalla «snacks». Det er jo engelsk, så det kunne vi ikkje ha. Det er altså potetgull og slikt, det heiter no i butikken vår saltknask.

Også dei andre skilta i butikken er på nynorsk, så det står til dømes «berre lave prisar», og «takk for at du valde Rema 1000». «Snop» er også ei varegruppe som førebels berre finst i Volda.

Fleire butikkar


- Det er ein til Rema-butikk i Volda, er det planar om at han og skal bli ein nynorskbutikk?

- Ja, eg er sjef for den butikken og, og der har vi fått bytt ut nokre av skilta, men vi må gjere nokre grep for å få det heilt gjennomført.

Løken seier at initiativet ikkje var påverka av Noregs Mållag sin kampanje for å få nynorsken inn i daglegvarebutikkane.
- Nei, vi bestemde oss for nynorsk då vi skulle opne ny butikk, seier han som om det skulle vere ein kvardagsleg sak.

Også på Stord i Hordaland skal det bli nynorsk Rema-butikk, så før vi kjem til oktober skal det bli nynorske skilt også der.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving








Personvernpolicy