Må lære å knyte og kneppe
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Før lærte barna mykje finmotorikk ved av- og påkledning, men dette har gått tapt.
Ein høgskule i Tyskland fokuserer no på problemet. Avisa Die Zeit kan fortelje at ein fabrikk har begynt å lage klede til bruk i barnehagen av den typen som ungane brukte før i tida, med hekter og knappar.
Av- og påkledning skal gje ungane finmotorisk trening. Eit anna moment er at ytterkleda ungane nå bruker, er glatte og pustande.
For å øve opp kjensla av ulike materialar som ull, har ein også produsert øvingsklede som er silkeglatte eller som klør, skriv Utdanning.ws. (NPK)