Halve Noreg omfamnar svart arbeid

Artikkelen fortsetter under annonsen

46 prosent av det norske folket meiner det er greitt å betale svart for mindre arbeid på hus eller hytte, viser ei omfattande og landsdekkjande undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / Scanpix)

Oslo (NTB): I Oslo og Nord-Noreg er delen opp i 54 prosent. Undersøkinga, som er utført av Synovate MMI på oppdrag frå Skattebetalerforeningen, vekkjer uro hos byggjebransjen.

- Det er litt fortvila, og stadfestar at vi har eit gigantisk haldningsproblem å ta tak i, seier administrerande direktør Sverre Larssen i Byggenæringens Landsforening til Aftenposten.

Han meiner norske forbrukarar er naive.

- Nordmenn undervurderer kva risikoar dei faktisk tek når dei bruker svart arbeidskraft, seier Larssen, som meiner ein bør sjå mot svenskane sine skattereglar for å få bukt med problemet.

- Hvis ein pussar opp huset sitt innanfor bestemte rammer i Sverige, får ein momsen trekt frå skatten seinare. Då har ikke forbrukaren nokon motivasjon for å kjøpe svarte tenester, meiner han. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving