Dyr straum til hausten og vinteren

Artikkelen fortsetter under annonsen

Straumrekninga kan bli høg til vinteren ettersom fyllingsgraden i vassmagasina kring landet er svært låg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: picture-newsletter.com)(Foto: picture-newsletter.com)

(NPK): - Tala fra NVE syner at fyllingsgraden i magasina er på 58,5 prosent, mot 72,2 prosent til same tid i fjor, seier utviklingssjef Hans Randen i Nord Pool til Aftenposten.

72 prosent er gjennomsnittet dei siste 15 åra. Sjølv om ikkje fyllingsgraden er det einaste som bestemmer straumprisen lenger, er det framleis dette som er hovudindikatoren for kva folk har i vente.

Folk brukar langt meir straum om vinteren, og ein vanleg familie med hus kan vente seg ei straumrekning på rundt 13 000 kroner for vinterhalvåret. For tilsvarande forbruk i fjor ville den same familien betalt ned mot 9000 kroner.

Randen meiner at vêret må ta skulda; manglande snø i fjor og manglande regn i år. Hauststraumen kjem dermed til å koste 45 øre pr. kilowattime mot 25 øre på same tid i fjor.

- For eit normalt hus med årleg forbruk på rundt 20 000 kilowattimar, vil straumen koste rundt ei krone per kilowattime fra oktober til desember, seier fakturaansvarleg i Hafslund, Tore Sveen. I dei tre vintermånadene ligg den an til at prisen blir eit par øre høgare, skriv Aftenposten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving