Når det indre tel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Venleiken kjem innanfrå, seiast det. Heldigvis, for desse dokkene si skyld.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei stygge, men sjarmerande dokkene finst i mange ulike utgåver. (Foto: designdelicatessen.dk)Dei stygge, men sjarmerande dokkene finst i mange ulike utgåver. (Foto: designdelicatessen.dk)

Barbie har vore verdas mest kjende og bestselgjande dokke sidan 1959, i følgje Wikipedia. Men i dei siste åra har den vakre dokka blitt møtt med protestar frå foreldre, blant anna fordi dei meiner den ikkje gir ungane eit sunt kroppsbilete.

Men her er nokre dokker som neppe vil skape same reaksjonar frå bekymra foreldre. Møt UglyDolls.

Uvanlege dokker

UglyDolls er alt anna enn vakre å sjå til. Dei er både uproposjonale, lite fotogene og kjem i usjarmerande fargar som blant anna spygrønn og brun. Særleg kloke er dei heller ikkje, ifølgje reklamen. Men dei er kjærlege og ærlege.

Gløym Barbie! Ho er alt for perfekt. (Foto: lexpress.mu)Gløym Barbie! Ho er alt for perfekt. (Foto: lexpress.mu)

Gløym Barbie


Barbie har pefekt hud, hår og kropp. Men perfekt er kjedeleg. Dei stygge dokkene er mykje morsomare.

Ei UglyDoll kan ein ta med ut i søla og rive ut eit auge på. Ein kan tilfeldigvis miste ho under bilen og kjøre over ho. Igjen og igjen.

Og ein kan forsøke å tenne på ho. Berre for moro skyld, liksom. For UglyDolls bryr seg ikkje. Dei kan ikkje bli styggare, uansett.

Gløym Barbie, folkens.

Personleg trur eg ikkje Barbie er særleg snill heller. For som Arve Juritzen har sagt:
- Hvis Barbie er så snill, kvifor må ein heile tida kjøpe ho nye vener?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

OX er ikkje pen, og ikkje så nøye med å levere tilbake ting han låner. (Foto: kidrobot.com)OX er ikkje pen, og ikkje så nøye med å levere tilbake ting han låner. (Foto: kidrobot.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Namnet er OX


OX heiter ei av dei spygrønne dokkene. Navnet står visstnok for kyss og klem. Men korleis kan han klemme nokon med dei korte armane? Han nyttar dei lange øyrene. Smart, ikkje sant?

I tillegg er dokka ein liten tjuvradd. I følge beskrivelsen «låner» han ting, og beheld dei i nokre hundre år. Då får ein dei tilbake igjen, men ikkje før.

Ein berre må elske han!

Spennande historie


Historia til UglyDolls byrja i Los Angeles. David Horvath sende kjærleiksbrev til kjærasten som budde i Korea. Kvart brev avslutta han med ei teikning av eit stygt dyr. Som julegåve overraska kjærasten hans han derfor med ein sjølvsydd versjon av eit av kosedyra han hadde teikna. Den julegåva er no kjend som UglyDolls. Sjarmerande.

Til filmen


Dei stygge dokkene er håndsydde, og har blitt populære i USA og Danmark. I løpet av 2006 skal det kome to filmar som skal gjere dei endå meir populære.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving