Bloggar på nettet hjelper innbrotstjuvar
(NPK): Familiar fortel om ferieplanane sine på heimesida eller bloggen sin, fortel Dagsavisen. Å fortelja på nettet kor lenge ein skal vera vekke på ferie, gjer at vegen kan leggjast open for innbrotstjuvar.
Politiinspektør Erling Børstad i Politidirektoratet seier at slik nettbruk ikkje er lurt. Mange av dei som driv med innbrot, er flinke til å kartleggja og sjå etter om folk er heime eller ikkje.
Informasjon om ferieplanar som vert lagt ut på nettet, kan lett verta funnen av folk med ureint mjøl i posen. (NPK)