Meny

Noregsrekord i styrehonorar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Under 20 timar i veka kasta godt av seg for Fast Search & Transfers styreleiar Thomas Fussell i fjor.

(Ill: motorcompaniet.no)(Ill: motorcompaniet.no)

(NPK): Han fekk utbetalt 5,6 millionar kroner i fjor, skriv Dagens Næringsliv. I fylgje Fussells forretningspartnar og Fast-styremedlem Robert Keith arbeider dei to 50 prosent arbeidsveke for Fast. Keith reknar timetalet til 17,5 per veke.

Honorara er eit fantastisk røvarkjøp, meiner Keith, fordi ein har to menneske som har byrja med Noregs største programvaresuksess.

Kritikarane tykkjer dette er over alle støvleskaft, og lurer på om arbeidsinnsatsen er i samsvar med avløninga. Til samanlikning ligg styreleiarhonoraret i fylgje Dagens Næringsliv frå 400 000 og opp til ein million kroner i eit knippe store, børsnoterte selskap. Ktitikarane tykkjer også dette er ein ufin måte å ta pengane til aksjonærane. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Privatøkonomi
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus