Tine-konsernet prøver seg på sekstimarsdag
(Foto: norskdesign.no)
Oslo (NTB): Tine-konsernet har 5.500 tilsette, men det blir berre dei som jobbar ved eitt av dei 52 meieria som får delta i prøveprosjektet. Først ved utgangen av september blir det klart kva for meieri som skal vere prøvekanin.
- Vi vil undersøkje om sekstimarsdag kan bidra til å redusere belastningsskadar og sjukefråværet, seier konserndirektør Stein Aasgaard til Dagens Næringsliv.
- Sekstimarsdagen er jo LO-leder Gerd-Liv Vallas hjartebarn. Vi har fått gratulasjonar derfrå. Det er jo litt artig, seier konserntillitsvalgt Kjell Mjaatvedt.
Han opplyser at det er særleg mange yngre ved de store meieria som ønskjer å prøve ut sekstimarsdag, både kvinner og menn.
Aasgaard opplyser at det også blant leiinga ved fleire meieri har vore fremt interesse for å prøve ut sekstimarsdagen. (©NTB)