Meny

75 Finnmarks-millionar utan effekt

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

For to år sidan fekk sju kommunar i Finnmark 75 millionar kroner i krisepakke. Resultatet er 25 nye arbeidsplassar.

Oslo (NTB): - Det må være openbert for alle at denne satsinga er feilslått. Vi ser få resultat av krisepengane, seier Vardø-ordførar Rolf Einar Mortensen til Nationen.

Men det er ikkje pengane sin feil at det blei så få arbeidsplassar. Det er feil bruk av pengane. Ordføraren meiner midla burde vore kanalisert til dei kommunale næringsfonda og til Aetat. I tillegg kunne Innovasjon Norge kome inn med verkemiddelapparatet sitt.

- Slik kunne det blitt skapt nye, stabile arbeidsplassar, seier ordføraren.

Nesten 24 prosent av dei yrkesaktive i Vardø er arbeidssøkjande. Årsaka til den høge arbeidsledigheita er konkursar ved fleire av kommunen sine hjørnesteinsbedrifter dei siste tre åra. Til saman har 310 personar i Vardø mista jobbane sine dei siste åra. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Privatøkonomi
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus