To ekstra millionar til personvern
(Foto: kids-safety-klub.com)
No har Fornyings- og administrasjons - departementet gitt Datatilsynet to ekstra millionar til å informere om personvernlova, og korleis ein kan passe på at informasjonen ein legg ut på nettet ikkje blir misbrukt.
Barn og unge
Pengane skal først og fremst brukast til tiltak overfor barn og unge. Datatilsynet og departementet ønskjer å gjere denne gruppa meir medvitne om kor dei legg att sine eigne personopplysingar. Dei vil også prioritere å informere private og offentlege verksemder om personvernlova.
Folk stoler på verksemdene
Bakgrunnen for løyvinga er dei store personvernundersøkjingane i fjor, som viste at folk har veldig stor tiltru til at at private og offentlege verksemder ikkje misbruker personopplysingar.
Verksemdene, viste det seg, hadde ikkje god nok kjennskap til personvernlova. Somme av verksemdene visste ikkje eingong at det finst ei slik lov.
Les meir på nettet:
Nettvett.no
Redd Barna sine reglar for nettvett
Redd Barna om tryggleik på nettet
Om personvern Datatilsynet
Urovekkjande personvernundersøkjing