Meny

To ekstra millionar til personvern

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Barn og unge er dei som brukar nettet og mobiltelefonen mest. Dermed er dei også mest utsett for misbruk av personopplysingar.

(Foto: kids-safety-klub.com)(Foto: kids-safety-klub.com)

No har Fornyings- og administrasjons - departementet gitt Datatilsynet to ekstra millionar til å informere om personvernlova, og korleis ein kan passe på at informasjonen ein legg ut på nettet ikkje blir misbrukt.

Barn og unge


Pengane skal først og fremst brukast til tiltak overfor barn og unge. Datatilsynet og departementet ønskjer å gjere denne gruppa meir medvitne om kor dei legg att sine eigne personopplysingar. Dei vil også prioritere å informere private og offentlege verksemder om personvernlova.

Folk stoler på verksemdene


Bakgrunnen for løyvinga er dei store personvernundersøkjingane i fjor, som viste at folk har veldig stor tiltru til at at private og offentlege verksemder ikkje misbruker personopplysingar.

Verksemdene, viste det seg, hadde ikkje god nok kjennskap til personvernlova. Somme av verksemdene visste ikkje eingong at det finst ei slik lov.

Les meir på nettet:

Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Privatøkonomi
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus