Indianarar vil ha miljøvenleg Pan Fish

Artikkelen fortsetter under annonsen

Indianarar i Canada har kjøpt aksjar i oppdrettsselskapet Pan Fish for å få talerett på generalforsamlinga til selskapet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: fiskeridir.no)(Foto: fiskeridir.no)

(NPK): Indianarane er denne veka i Stavanger for å protestere mot at Pan Fish brukar opne merdar til oppdrettslaks, skriv Stavanger Aftenblad.

- Bodskapen vår er at Pan Fish må vere 100 prosent ansvarlege for all verksemda si, også i Canada, seier høvding Bob Chamberlin til Aftenbladet.

Han peikar på at dei opne nettmerdane som Pan Fish brukar, fører til at ekskrement og laksefôr driv ut gjennom maskene og forureinar havbotn og strender. Det meiner han alt er eit stort problem i nordvestre delen av Canada, og eit trugsmål mot livsgrunnlaget til stamma hans.

Med seg til Stavanger har Chamberlin representantar for miljøorganisasjonen Pure Salmon som har utvikla lukka merdar for oppdrettslaks. No håper dei Pan Fish vil vere med å satse på alternative og meir miljøvenlege merdar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving