Rekord i klagesaker

Norske forbrukarar kjem til å setja klagerekord i år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: berlitz.co.jp)(Ill: berlitz.co.jp)

(NPK): Tvistar om parkering, reiser, helse- og banktenester er bakgrunnen for dei fleste klagene.

- Forbrukarane har vorte meir medvitne på å setja namn på misnøya, seier direktør Erik Lund-Isaksen i Forbrukarrådet til Aftenposten.

Dersom trenden held fram vil det totale talet på klager hos klagenemnde passere fjorårets med minst 10 prosent. Til saman må nemndene rekne med å måtte behandle nærmare 8.000 klager i løpet av året.

- Eg trur ikkje at nordmenn har større grunn til å klage enn før, men medvitet om forbrukarrolla har auka, seier forskingssjef Eivind Stø hos Statens institutt for forbruksforskning. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy