Klypper plenen medan du les avisa

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aldri før har det vore lettare å klyppe plenen. Denne nye grasroboten stusser nemleg grasmatta di heilt av seg sjølv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den nye grasroboten til Beck Import klypper plenar opp til 2000 kvadratmeter - heilt automatisk.(Foto: Pressbox.no)Den nye grasroboten til Beck Import klypper plenar opp til 2000 kvadratmeter - heilt automatisk.(Foto: Pressbox.no)

Roboten Robomow kan programmerast til å klyppe plenen av seg sjølv til bestemte tidspunkt.

Og ikkje nok med det, roboten sørgjer også for å lade seg opp på eiga hand.

Tek den optimale ruta


For å køyre utanom blomsterbed, tre og hagereiskapar, har den heilautomatiske nyvinninga innebygd eit navigasjonssystem. Informasjonar frå det innebygde kompasset, hjulomdreiingane og ein leidning langs grasplenen sin kant, får Robomow til å klyppe i den mest optimale ruta.

Medan du les avisa, klypper Robomow plenen på null komma niks.(Foto: vanning.no)Medan du les avisa, klypper Robomow plenen på null komma niks.(Foto: vanning.no)

Når graset er klypt vert det sendt tilbake til plenen, kor det fungerer som naturleg gjødsel. Dette gjer all oppsamling unødvendig.

Bråket frå bio-vidunderet skal også vere upåklageleg. Den danske produsenten går ut frå at støynivået er omlag ein tiandedel av ein motordriven grasklyppar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Klypper 2000 kvadratmeter


Og om du skal vatne plenen din, skal grasroboten visstnok vere særs enkel å handtere. Om du trykkjer på start, så gjer roboten resten.

Lurer du på om vidunderet klarer å ta alle grastustane i din store hageflekk, har vi dessutan høyrt at maskina faktisk klarer å gjere reint bord på grasplenar opp til 2000 kvadratmeter. Slå den du!


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving