Ikkje hekk deg vekk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lyst å koma i ly for vinden, trafikkstøyen eller naboen? Plant deg ein hekk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre føretrekk å ha ein stram og fin hekk rundt plenen, andre over huset. (Foto: edobarn.demon.co.uk) Nokre føretrekk å ha ein stram og fin hekk rundt plenen, andre over huset. (Foto: edobarn.demon.co.uk)

For å få størst mogleg glede av hekkplantene, er det viktig at dei vert planta skikkeleg. Men før du set plantene i jorda, er det naudsynt med ein plan.

Finn fram fargestiftar, ruteark og nokre brosjyrar og lag ei skisse over korleis du vil at hekkpryden skal sjå ut.

Uven med naboen?


Aller første trinn er å tenkje over ditt forhold til naboen. Venskapen kan nemleg fort kjølne med ein stor thuja eller granhekk.

- Særleg viss hekken er så høg at ein ikkje kan sjå over han, kan det lett bli uvenleg. Det skaper mindre kontakt mellom folk, seier Kathrine Strøm, som er overgartnar i Botanisk hage i Oslo til dagsavisen.no

Vanlegvis vert ein vintergrøn hekk anbefalt, fordi den skånar mot innsyn heile året. Men viss naboen frå før av har ein lauvfellande hekk, kan det vere best å gå for eit liknande alternativ.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

La det vekse fritt


Har du god plass, og tenkjer at hekken skal få leve sitt eige liv, kan du plante ein såkalla frittveksande art.

- Frittveksande hekkplanter kan brukast som skjermplanting, for å markere grenser, eller som skilje mellom plen, veg og gardsplass.

Når du endeleg har gjennomgått valets hekk-kvaler, treng du kanskje nokre råd for planting og stell?

Er du ein reser med hekk-saksa kan du lage ein hekklabyrint, slik som denne personen har gjort. (Foto: lahosken.san-francisco.ca.us) Er du ein reser med hekk-saksa kan du lage ein hekklabyrint, slik som denne personen har gjort. (Foto: lahosken.san-francisco.ca.us)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Åtte hekk-råd



• Hekkplantene bør haldast fuktige fram til plantinga. Set dei gjerne i svarte plastposar ein kjølig stad i skuggen. Plantene er nemleg svært utsette for tørkeskadar.

• Før planting bør jorda gjennomarbeidast i ein breidde på om lag 50 cm og ei djupne på omlag 35-40 cm. Bruk veksttorv - og gjerne grov grus- om jorda er hard og leirete. Mager, sanda jord vert tilført torv, slik held underlaget betre på fukt og næring.

• Etter at jorda er godt gjennomarbeidd, kan du plante. Planteavstanden varierer alt etter type, 2-5 planter per løpemeter er vanleg.

• Etter plantinga tråkkar du lett rundt dei nye vekstane og vatnar rikeleg. 20-30 liter per kvadratmeter.

• Når du plantar om våren, skal det vatnast ei passeleg mengd den følgjande sommaren.

• Vår-planting krev gjødsel. Anten fullgjødsel (80-100 gram per kvadratmeter), eller naturgjødsel.

• For å få ein tett hekk frå starten av, er det ein god idé å klyppe plantene inn til sidene rett etter planting. Men ikkje klypp toppen, han må først stussast når den ønskelege høgda er nådd.

• Hald hekken fri for ugras. Dekk gjerne til med dekkbark i ei breidd på om lag 50 cm. Det både reduserer ugras og held på fukta.


Og hekken voks kjempehøg


Til slutt må du hugse at ein hekk som er heilt inntil nabogjerdet, ikkje skal vere høgare enn to meter. Naboen kan forlange at du kuttar hekken din, om den overskrid grensa.

Kjelder:

Dagsavisen,

hushjemhage.no , oasenhageland.no

,

bogront.no og lovdata.no



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving