Svenske arbeidsgjevarar vel bort kvinner

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner har større sjanse til å kome på jobbintervju om dei skjuler identiteten sin.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: krombacher.de)(Foto: krombacher.de)

Uppsala (NTB-TT): Svenske arbeidsgjevarar vel fortsatt bort kvinnelege søkjarar, viser ein ny studie.

- Studien vår er nok det hittil klaraste beviset for at arbeidsgjevarar bevisst velg bort kvinner når dei tilset nye medarbeidarar, seier forskar Jonas Lagerström ved universitetet i Uppsala, som står bak undersøkinga.

Undersøkinga byggjer på opplysingar om vel 8.000 kvinner og menn som søkte jobb via den svenske arbeidsformidlingen sin database. Av dei valde 922 å utelate opplysingar om namn, kjønn eller begge delar.

Forskarane fann ut at kvinner har betydeleg mindre sjanse til å bli innkalla til jobbintervju, sjølv om dei har dei same kvalifikasjonane som menn. Mennene blei også kontakta oftare av arbeidsgjevarane. I gruppa som ikkje oppga identiteten sin var det ingen slik forskjell, seier Lagerström til Uppsala Nya Tidning. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving