Meny

Bli kvitt den tvekjønna plaga

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Han er raudbrun, slimete og tvekjønna. Om brunsnigelen har invadert hagen din, er det kanskje ei trøyst at han er svært sunn å ete?

Brunsniglen er tvekjønna og kan leggje heile 400 egg. Sniglar skal visstnok vere svært næringsrik og sunn mat. (Foto: forskning.no)Brunsniglen er tvekjønna og kan leggje heile 400 egg. Sniglar skal visstnok vere svært næringsrik og sunn mat. (Foto: forskning.no)

Iberiaskogsnigel, eller brunsnigel, er i desse dagar til stor plage og sjenanse i hagar og grøntareal. Sidan han vart importert til Noreg i 1988, har omfanget av den plante-hungrige krabaten berre auka og auka.

- For dei som har ein snigel-råka hage, er det på tide å tenkje tiltak, seier forskar Solveig Haukeland ved Bioforsk Plantehelse til

forskning.no

.

Ho opplyser at det tvekjønna krypet kan leggje heile 400 egg, og at det difor er lurt å kvitte seg med flest mogleg før egglegginga startar for fullt til sommaren og hausten.

Glad i øl


- Sniglar likar ikkje tørre forhold. Dei mistar fukta direkte gjennom huda. Difor bør ein arbeide med jorda når vérforholda er tørre, slik at sniglane vert eksponert for sol og tørke. Ein kortklypt plen, hjelper også, seier bioforskaren.

Iberiasnigelen er mest aktiv i skumringa og når véret er fuktig. Når det er tørt gøymer dei seg i sprekkar i jorda, eller andre stader som held på fukta.

Er du råka av den raud-brune plaga, finnest det heldigvis metodar som kan gjere hagen snigelfri.

- Grav ned ein plastboks, for eksempel ein isboks, ned i jorda. Men pass på at ein kant på to til tre centimeter står igjen over overflata, slik at løpebillene ikkje spring i fella (billene et nemleg snigelegg). Fyll boksen med øl, eller ei blanding av sukkervatn og gjær. Dette skal fornyast kvar andre eller tredje dag, seier Haukeland.

Næringsrik og sunn mat

I tillegg til eit kjemisk åtemiddel, finnest eit nytt biologisk preparat med mikroskopiske parasittar (rundormar eller nematodar) som lever i jorda og kan angripe sniglar.

Den enklaste fangstmetoden er likevel å plukke dei slimete krypa for hand. Effektiv avliving skjer ved å fryse dei ned eller ved å helle varmt vatn over dei. Deretter kan dei gravast ned i hagen og bli ein del av jorda igjen.

Og om du vurderer å ete den raud-brune freistinga, har

dyrenett.no

gode nyhende. Dei skriv at sniglar er svært næringsrik og sunn mat. Mytene seier dessutan at om ein et sniglar, vil det auke hårveksten og oksygenopptaket, senke blodtrykket og vekta, hjelpe mot svevnlause og betre sexlivet. Bon Apétitt!


Les meir på nettet:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Privatøkonomi
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus