IKEA tilbakekallar barnesenger

IKEA tilbakekallar barnesenger av merket Tassa og Sniglar, som slett ikkje toler belastninga av små og viltre krabatar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Ikea)(Foto: Ikea)

Oslo (NTB): Tilbakekallinga gjeld bare senger som blei kjøpt i august i fjor, og skyldast feil i liminga av sengebunnen. Feilen gjer at dei to
sprinkelseng-modellane ikkje oppfyller europeiske tryggleikskrav, melder
det svenske nyhetsbyrået TT.

IKEA understrekar i ei pressemelding at dei ikkje har mottatt rapportar om
ulykker som følgje av produksjonsfeilen, men oppfordrar likevel kjøparane
til å returnere sengebotnen og få ein ny.

Ifølge IKEA er sengebotnen i dei aktuelle sprinkelsengene merka «ID NO 15333» og «Made in Poland». (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving