Unge kjøper gjerne på kreditt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nesten tre gonger så mange unge vil låne pengar for å gjere store innkjøp, samanlikna med resten av befolkninga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): 42 prosent av norske forbrukarar planlegg å gjere eit middels til stort innkjøp dei neste seks månadene, fortel Aftenposten.

I Sverige og Finland planlegg 44 prosent et slikt innkjøp, medan berre 32 prosent av danskane har planar om det same.

Nordmennene kjem til å handle for heile 26 milliarder kroner det neste halve året. Av dette vil om lag 2,8 milliarder kroner vere lånefinansiert.
Undersøkinga viser at det er unge nordmenn som handlar på kreditt:

Bere 8 prosent av befolkninga mellom 30 og 74 år vil ta opp lån eller handle på kreditt for å finansiere kjøpet.

Blant dei yngste vaksne, i aldersgruppa 18 til 29 år, vil heile 22 prosent ty til lånte pengar.

Det er reiser, underhaldningselektronikk og møblar som står øverst på nordmenns ønskjeliste. I Noreg er den gjennomsnittlege prisen på dette planlagte innkjøpet om lag 20.000 kroner.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette kjem fram i spørjeundersøkinga «Forbruk & Finansiering», som er gjennomført av TEMO for Nordea.

- Vår erfaring er at unge menneske er grunnleggjande optimistar når det gjeld eigen økonomi. Dei som tek opp lån for å finansiere ferien sin, har nok sterk tru på at det let seg gjere å betale dette attende raskt med seinare lønsutbetaling eller liknande, seier Aud-Helen Rasmussen i DNB Nor til Aftenposten.

Ho meiner dei fleste taklar låna sine godt, men presiserer at den ungdommelege optimismen også har sin pris.

- Vi ser diverre at dei yngste er overrepresenterte blant dei som får inkassokrav. Det handlar om at unge er uerfarne som lånetakarar, seier ho og oppmodar dei unge til å snakke med ein erfaren rådgjevar i ein bank, eller rådføre seg med far og mor. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving