Kundeprotest fekk Coop til å snu
Forbrukarane løfta fram ein ny fiskeavtale. (Ill-foto: fi-pro.de)
Inger Beth Sandham las om oppseiinga i avisa, og reagerte umiddelbart på det ho syntest var historielaust og arrogant av Coop.
Alle like sinte
- Då eg snakka med folk var dei like harme som meg, seier Sandham til
Forbrukerportalen.no.
- Å ta frå oss ein fiskeleverandør som ikkje berre dekkjer Hamar, men heile innlandet, opplevte eg som veldig historielaust. Tross alt er dette ei bedrift som har bestått i tre generasjonar, og som har fått fleire medaljar på profilerte område for kvaliteten på fiskemat. Knutstad & Holen er ein del av identiteten til folk i innlandet, fortset ho.
Ein haug med e-post
Sandham organiserte ein kampanje og fekk på få timar samla inn over 200 underskrifter mot oppseiinga. I tillegg har Coop Mega fått ein haug med e-post frå sinte kundar.
Aksjonen resulterte i at daglegvaregiganten no har snudd på hælen, og forhandla fram ein ny avtale med Knutstad & Holen.
Var ikkje misnøgde
Informasjonsdirektør Vidar Ullenrød i Coop Mega Norge seier at han aldri har opplevd eit så sterkt engasjement frå kundane. Han understrekar at Coop Mega aldri var misnøgde med Knutstad & Holen, men ville ha ein større leverandør.
- Men den som ikkje høyrer på kundane sine ønskje, er ute å køyre. Dessutan resulterte dette i at vi forhandla fram ein betre avtale med Knutstad & Holen enn vi hadde frå før.
Feira med Gullbrød
Kjetil Holen i Knutstad & Holen er svært nøgd med kundeaksjonen og den nye avtalen. Han fortel at han og faren feira på heimvegen frå Oslo etter å ha hatt møte med Coop Mega.
- På tilbaketuren stoppa vi på veikroa på Dal på Eidsvoll, og feira med ein kaffikopp og kveitebrød. Vi unna oss til og med eit Gullbrød på deling på heimvegen, smilar Holen til