Norsk rein får ikkje vinterbeite i Sverige

Artikkelen fortsetter under annonsen

Svenske reineigarar nektar norske reindriftssamar å flytte med rein til vinterbeite i Sverige.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: cliphoto.com)(Foto: cliphoto.com)

(NPK): Norske reindriftssamar har brukt desse vinterbeita i 32 år.

Den norsk-svenske avtalen som regulerer reinbeitinga i grensetraktene gjekk ut i mai i fjor.

No har svenske reineigarar kravd attende beiteområde i Noreg som dei har brukt i samband med tidlegare konvensjonar.

Men verken norske styresmakter eller reineigarar vil gi frå seg desse beiteområda. Og no kjem altså mottrekket frå svenskane.

Det er Landbruksdepartementet som har ansvaret for forhandlingane som går føre seg no for å få til ein ny avtale.

Departementet har også løyvd tre millionar kroner til naudfôring av rein, melder NRK Nordnytt. (NPK)



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving