Nei til alkoholprodukt for barn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire daglegvarekjeder har underteikna ein avtale om ikkje å omsetja alkoholhaldige produkt retta mot barn i Noreg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: jamb.ca)(Foto: jamb.ca)

(NPK): Det gjeld alkoholprodukt i form av godteri eller andre barneprodukt som i utforming og emballasje kan vera svært like eller identiske med godteriprodukt eller barneprodukt, fortel Dagligvarehandelen.

Det er Forbrukarombodet, Barneombodet og Alkokutt som har invitert daglegvarekjedene til å underteikne avtalen.

Ica Norge, Lidl, Coop Norge, Rema 1000 og Handel og servicenæringens hovedorganisasjon har underteikna.

Kjedene har også underteikna på at dei tek avstand frå å fremja alkoholhaldige produkt som spelar på valdeleg, aggressiv eller antisosial oppførsel, seksuell suksess, eller auka mental eller fysisk kapasitet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving