Meny

Vedfyring for dummies

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fyrer du med ved? Er du ein av dei som synest det er litt komplisert å få det til å brenne skikkeleg? Redninga er her, Neste Klikk presenterer ein brennsikker metode!

Hei, kor det brenn! (Foto: angmedia.com)Hei, kor det brenn! (Foto: angmedia.com)

Eg må innrømme at eg er ein av dei som alltid har prøvd å få andre til å gjere det for meg. Eg tenkte at det var noko eg mangla, eit opptenningsgen eller noko.

Tid, papir, banning


Rett nok fekk eg alltid fyr til slutt, men det kunne gå med ein del tid og banning og mykje papir før eg fekk det til.


Orakelet Internett


Her ein dag kom eg på at ein kanskje også her, som på alle andre område i livet, kunne finne tips på nettet.

Sjølvsagt finst det vedfyringstips på nettet. Og det beste av alt er at det eg fann, verkar som berre fy. Det tar fyr med ein gong, og sluknar ikkje før alt er brent opp. Lykke, lykke!

Her er metoden:


1. Legg inn to vedkubbar, ein høveleg stor kubbe på kvar side av omnen.
2. Krøll saman papir og legg i midten.
3. Legg opptenningsved på tvers, som eit luftig tak over kubbeveggane.
4. Tenn på. La omnsdøra stå open ei lita stund til det brenn skikkeleg, noko det, under over alle under, gjer ganske kjapt.

Dette høyrest enkelt ut, og vedfyringsekspertane der ute himlar nok med auga. Men eg veit at vi er fleire som ikkje trur vi har talent. Fantastisk då å finne ut at det er teknikken det har skorta på i alle år.

Lykka er ei varm stove. Ha ei god, varm helg!


Kjelde:


Les meir på nettet:

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus