Rusbrus er ut

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rusbrussalet er nesten tilbake på nivået det var på før drikken dukka opp i norske butikkhyller.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: kastmasken.no)(Foto: kastmasken.no)

Oslo (NTB): No får rusbrusen stort sett stå i fred i hyllene, skriv Aftenposten.

Kristeleg Folkeparti gjorde kampen mot produktet til ein sentral del av valkampen i 2003.

- Salet byrja å falle den dagen Kristeleg Folkeparti avslutta kampanjen sin. Den verka mot sin hensikt, og heldt kunstig liv i nyfikna. Sidan har det vore heilt daudt, seier Helge Hasselgård, nyleg avgått sjef for Bryggeriforeningen.

Ferske, nøyaktige salstal for rusbrus lar seg ikkje oppdrive. Vin- og brennevinsleverandøren si foreining førde statistikk, men det har dei slutta med.

- Volumet er så lite at vi ikkje lenger tar oss bryet. Rusbrus er blitt eit heilt marginalt produkt, opplyser generalsekretær Ingunn Jordheim.

I dei store butikkjedene er ein ikkje i tvil om at rusbrusen sine glansdagar er over. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving