Meny

Støvlett-anken avslått i Høgsterett

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kunden har ikkje rett på nye støvlettar sjølv om hælen på den eine støvletten fell av etter vel ein månad. Det har Høgsterett slått fast.

(Foto: schuh-city.com)(Foto: schuh-city.com)

(NPK): Kunden har ikkje rett på nye støvlettar sjølv om hælen på den eine støvletten fell av etter vel ein månad. Det har Høgsterett slått fast.

Det var i 2002 at ei dame kjøpte eit par høghæla støvlettar for 1.360 kroner i ein skobutikk på Hamar. Seks veker etter fall den eine hælen av.

Kunden meinte at kvaliteten var for dårleg, og kravde eit nytt par. Det nekta butikken å gje henne, og meinte at det var nok å reparere skoen.

Saka har gått sin gang i Forbrukartvistutvalet, tingretten og lagmannsretten, og no til sist i Høgsterett, der eit fleirtal på tre av fem dommarar konkluderer med at kunden ikkje har krav på nye sko, men må nøye seg med reparasjon.

Forbrukarrådet er svært misnøgd med dommen, og skal vurdere kva forbrukarpolitiske konsekvensar den får. Blant anna kan det bli aktuelt å høyre kva syn Stortinget har på saka, opplyser direktør Erik Lund-Isaksen i Forbrukarrådet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Privatøkonomi
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus